Snowden kunngjer mellombels asylsøknad

– Snowden framleis på flyplassen i Moskva

Edward Snowden, pressekonf. Moskva, 12. juli 2013
Foto: Tanya Lokshina/Human Rights Watch

Edward Snowden kunngjorde på eit møte fredag 12. juli at han vil søkja om mellombels asyl i Russland, trass i dei føresetnadene president Vladimir Putin har stilt om å stoppa med all sokalla antiusansk verksemd.

Det fortel nestleiar ved Human Rights Watch sitt kontor i Russland, Tanya Lokshina, som er til stades på Snowden-møtet som vert skipa til på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva fredag ettermiddag.

Snowden har søkt om asyl i Russland tidlegare, men trekte søknaden for to veker sidan då Putin gav klar beskjed om at Snowden måtte leggja vekk avsløringane sine dersom han skulle få opphald der.

I følgje menneskeretts-representanten har Snowden no tenkt seg om og konkludert med at asyl er einaste måten å vera trygg på medan han oppheld seg i Russland.

Kort tid etter møtet Snowden hadde med menneskerettsaktivistane, publiserte lekkasjenettstaden Wikileaks ei pressemelding frå Snowden. Her kjem det mellom anna fram at han ikkje angrar på lekkasjane.

– Den moralske avgjersla om å fortelja verda om spioneringa har kosta mykje, men det var det riktige å gjera, og eg angrar ikkje.

Snowden gir også honnør til landa som har opna for å gå han asyl. Desse landa er Russland, Venezuela, Bolivia, Nicaragua og Ecuador.

– Ved å ikkje kompromisse prinsippa sine har dei gjort seg fortent til respekt frå heile verda. Eg har ein intensjon om å reise til alle desse landa for å gje mi personlege takk til folket og til leiarane.

Snowden tok også opp den andre verdskrigen, og hevdar han handlar ifølgje prinsippa som vart bestemt under Nürnberg-rettssaka. Nemleg at plikta overfor menneska bør vege tyngre enn plikta ein har til sitt eige land. Slike prinsipp tek ikkje USAs styresmakter omsyn til sjølvsagt, dei har sin stormaktagenda må vite.

«Å skada USA er ikkje føremålet med nokon av mine handlingar eller planar. Eg vil at USA skal lukkast», sa Snowden til dei inviterte på møtet i Moskva, i følgje Lokshina i Human Rights Watch.

– Han bad oss om å vidareformidla ønskjet hans om asyl til Putin og regjeringa hans, seier visepresident Vyacheslav Nikonov i Dumaen til journalistar etter møtet. Det er uvisst om Snowden med dette faktisk vil gje seg sjølv munnkorg.

På spørsmål om han no kom til å slutta med «USA-fiendtleg aktivitet» svara Snowden at det ikkje var noko å slutta med, fordi han meiner handlingane hans ikkje skadar USA, skriv The Guardian.

Vart pressa frå USAs ambassade

Human Rights Watch-representanten, Tanya Lokshina som var på møtet med Edward Snowden fortel at hun vart oppringt av USAs ambassade i Moskva før møtet. Dei pressa henne og spurde om hun forstod kva Snowden hadde gjort.
Lokshina skriv dette i ein bloggpost som elles skildrar Snowden-møtet, at ho vart kontakta av ein representant frå ambassaden.

– Personen spurte om eg forstod USAs haldning i saka: At Snowden ikkje er nokon menneskerettskjempar, men ein lovbrytar som må haldast ansvarleg for sine handlingar, fortel Lokshina. Men ho lot seg ikkje pressa. Ho svarte kontant attende at organisasjonen si haldning i saka stod fast. Det at varslarar må få varslarvern også når dei avslørar store menneskerettsbrot som overvaking basert på hemmelegstempla materiale. Då skal personen som ringte frå ambassaden ha kome med noko som virka som eit krav.

– Personen sa at eg måtte ta vidare USAs haldning i saka til Snowden. Eg vart sjølv litt overraska over kravet, men tok det likevel med meg til Snowden. Han fortente å få vite om telefonoppringninga, skriv Lokshina på bloggen sin. Då Snowden fekk høyre om telefonsamtalen og påstandane frå ambassaden under møtet reagerte han kort: – Ok! Det skulle vel stå for seg sjølv vil eg tru.

Snowden sa elles i følgje møtedeltakarane at han har det bra og søv i terminalområdet på flyplassen. Han kjenner seg trygg i Russland sa han, men har ikkje som mål å verte verande der i evig tid.

På møtet bad Snowden om hjelp til å koma seg til Latin-Amerika utan at USA får tak i han. Både Venezuela, Nicaragua og Bolivia har gjeve varslaren tilbod om asyl. Det vert ikkje lett når ein har sett kva USAs etterretning kan finne på for å stanse brysame borgarar. Ein lyt håpe at Snowden med hjelp klarar å lure stormakta.

I følgje nyhendebyrået AP var følgjande personar til stades på flyplass-møtet med Snowden:

Visepresident i Dumaen, Vyacheslav Nikonov
Menneskerettsombodet i Russland, Vladimir Lukin
Direktøren i Amnesty Russland, Sergei Nikitin
Nestleiar ved Human Rights Watch sitt kontor i Russland, Tanya Lokshina
Advokaten Genry Reznik

Siste i Snowden-saka:

Leiaren for underhuset i den russiske nasjonalforsamlinga, Sergej Narysjkin støttar asylsøknaden til Edward Snowden, etter at han offentleggjorde søknaden under møtet på flyplassen i Moskva fredag 12. juni. – Eg ser på Edward Snowden som ein menneskerettsforsvarar, som kjempar for rettane til millionar av menneske i heile verda, sa Narysjkin til den statlege nyhendekanalen Rossija-24.

Ein som gjekk endå lenger i å støtte Snowden er parlamentsmedlemet i Dumaen Alexander Sidyakin. Han meiner Snowden bør vere ein kandidat til Nobels fredspris. – Eg er blant dei som ikkje meiner han bør verte utvist. Eg meiner Snowden er ein stor pasifist. Denne mannen har gjort meir for å fortene Nobels fredspris enn Barack Obama, seier Sidyakin i følgje den statlege avisa Russia Beyond the Headlines. Sidyakin er ein av dei største Putin-kritikarane i det russiske parlamentet. Han har kritisert russiske styresmakter for å slå hardt ned på protestar, og har utrykt støtte til det kvinnelege punkbandet Pussy Riot.

Til og med eit medlem av presidenten sitt råd for menneskerettar, Kirill Kabanov, har liknande synspunkt. – Motiva hans er ikkje materielle. Han har ikkje handla i konflikt med ideologien til USA. Han forsvarar sin eigen grunnlov og demokratiet i USA, sa Kabanov ifølgje Voice of Russia.

«Når ein snakkar om sola så skin ho». Den russiske parlamentarikaren Sidyakin meiner som nemt at Snowden fortener Nobels fredspris. Då virkar det som ein svenske har svara på det. Professor i sosiologi Stefan Svalfors ved Universitetet i Umeå, har heilt nyleg føreslått Snowden som kandidat til Nobels fredspris – ikkje for 2013, det var for seint – men, for fredsprisen i 2014. Den sat!

Morales meiner bolivianske tenestefolk vart overvaka

President Evo Morales hevdar USA har hacka seg inn i e-posten til høgtståande tenestefolk. Morales har vorte gjort oppmerksam på at USA har glana i e-postane under det regionale Mercosur-toppmøtet i Montevideo, skriv AFP. På det same toppmøtet fortalde også Argentinas utanriksminister Hector Timerman at omlag 100 argentinske tenestefolk var under elektronisk overvåkning. Dette av ein nasjon han ikkje ville navngje. Javel, skikkeleg vanskeleg å vite kven den nasjonen kan vera.

Snowden-saken

Edward Snowden-saka
Foto: Kin Cheung/Ap

* 5. juni 2013: Den britiske avisen The Guardian skriver at en amerikansk domstol har pålagt teleselskapet Verizon å gi myndighetene informasjon om all motbiltrafikk i perioden april til juli.

* 6. juni: The Guardian og The Washington Post (USA) melder at amerikanske sikkerhetsmyndigheter har direkte tilgang til data fra nettgigantene Microsoft, Yahoo, Google, Facebook, PalTalk, AOL, Skype, YouTube og Apple.

* 9. juni: Amerikanske myndigheter starter etterforskning av lekkasjene. IT-eksperten Edward Snowden (30), som har oppholdt seg i Hongkong siden 20. mai, står fram som kilden til lekkasjene.

* 21. juni: Amerikanske myndigheter sikter Snowden for spionasje og ber Hongkong om å utlevere ham.

* 23. juni: Snowden flyr til Moskva. Ecuador opplyser at Snowden har søkt om asyl i landet. USA annullerer Snowdens pass.

* 26. juni: Venezuelas president Nicolás Maduro sier Snowden «nesten sikkert» vil få innvilget asyl i landet om han søker.

* 27. juni: USAs president Barack Obama sier USA ikke vil prøve å avskjære et fly med Snowden om bord.

* 30. juni: Nye lekkede dokumenter viser at EU og flere EU-land står på en liste over 38 mål for amerikansk spionasje. EU krever en forklaring fra USA.

* 1. juli: Wikileaks opplyser at Snowden har søkt asyl i 21 land, deriblant Norge. Han sitter fortsatt fast på Sjeremetyevo-flyplassen i Moskva.

* 2. juli: UDI avslår Snowdens norske asylsøknad på formelt grunnlag. Norsk PEN bruker initiativretten sin og ber UDI vurdere søknaden på nytt.

* 3. juli: Flyet til Bolivias president Evo Morales tvinges til å lande i Østerrike på vei hjem fra Moskva, angivelig fordi Snowden kan være om bord. Etter å ha gjennomgått flyet, opplyser myndighetene at Snowden ikke er ikke om bord.

* 4. juli: Justisdepartementet avslår søknaden fra Norsk PEN om å hente Snowdens til Norge som overføringsflyktning.

* 11. juli: Snowden lekker ytterligere opplysninger til The Guardian: topphemmelige dokumenter viser at Microsoft har gitt NSA tilgang til krypterte e-poster.

12. juli: Snowden varsler en kunngjøring og inviterer representanter for menneskerettighetsgrupper, advokater og russiske parlamentarikere til et møte på flyplassen.

Kjelde: NRK

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s