Snowden til Venezuela?

EDWARD SNOWDEN-2013
Foto: The Guardian/Reuters

Stadfestar ønskje om asyl i Venezuela

Snowden har no vore over to veker i transittområdet på flyplassen i Moskva mens han ventar på at eit av dei 27 landa han har søkt om asyl i skal gje han det. Mange av dei og mest vestlege land har allereie gove han avslag. Mykje truleg er desse avslaga kome etter sterkt press frå USA som vil ha han utlevert for å rettsfølgje han. Ei rettsprosess mange meinar ikkje vil verte fri og rettvis.

Nicolás Maduro, president i Venezuela
Foto: LUIS ACOSTA/Afp

I det siste har både Venezuela, Nicaragua og Bolivia tilbode Snowden asyl. Snowden sjølv stadfestar at han ønskjer asyl i Venezuela, i følgje NTB. President Nicolás Maduro har bede Snowden gjere seg opp ei meining snart om han vil reise til Venezuela. Maduro har enno ikkje sjølv snakka med Snowden.

– Me fortalde denne unge mannen «kom hit, du blir forfølgd av imperiet», sa Maduro i Caracas.

Men er det praktisk mogleg for Snowden å kome seg frå Moskva, då han mellom anna manglar gyldige reisedokument? Ein lyt tru at slikt kan Venezuela sine styresmakter greit ordne. Ein annan ting er at sidan det ikkje er direkte rute frå Moskva til Caracas, så kan andre land sine styresmakter setje kjeppar i «reisehjula». Det er i tilfelle brot på internasjonal lov og lov om transitt, om slikt hender.

Nicaragua har offentleggjort detaljar frå asylsøknaden Snowden sendte landet. I søknaden skriv han at han er redd for ikkje å få ei rettvis rettssak, og at ei slik rettssak truleg vil ende med livstid i fengsel eller dødsstraff i USA. Det er berre å tenkje på Bradley Manning så forstår ein kva han skriv. Den usanske unge soldaten som tenestegjorde i Irak frigav gjennom WikiLeaks 150 000 dokument som viste USA sine gjeremål i krigen i Irak, og det er ikkje noko særleg vakkert syn! Manning har lenge vore i varetekt før rettsaka mot han nyleg starta. Han er tiltala på 30 punkt, mellom anna høgforæderi og farleg handling mot «imperiet» si sikkerheit, og risikerar i værste utgang dødsstraff. I fengselet har Manning vore utsett for knallhar handsaming og mange lurer på om han har vore utsett for tortur i ein eller annan form.

The Guardian-journalisten og bloggaren Glenn Greenwald var ein av dei første journalistane som publiserte dei hemmelegstempla dokumenta Snowden frigav mens han var i Hong Kong. Greenwald har snakka med den tidligare etterretningsanalytikaren via internett den siste tida. Frå samtalane kan han fortelje at Venezuela truleg er det landet som kan verna Snowden best.
WikiLeaks, som har gove Snowden juridiske råd om asylalternative land, seier at ei ny utvikling i saka vil kome snart. ..meir oppdatering om Snowden og «spiontrillaren» for USA, kjem garantert..

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s