Har den politiske vinden over Tyrkia stilna?

Turkish protest, Gezi-parken, July 2013

Politiet rydda på nytt Gezi-parken for demonstrantar. Samstundes nektas andre folk til parken. Demonstrantane visar her sin reaksjon ved å krysse hendene og armane i protest mot utvisinga.
Foto: Gero Breloer/AP/NTB Scanpix

Etter protestane mot styresmaktene i Tyrkia var på sitt høgaste i midten av juni, der hundretusenvis var i gatene i Istanbul og andre byar, har det virka som opprøret har stilna. Nei, ikkje heilt. Fol rører på seg att, om ikkje i det omfanget, så er langt frå alle nøgde med tingene sin tilstand. Det viser aktiviteten dei siste dagane, og opprørspolitiet var på plass att sjølvsagt for å «spyle» demonstrantar vekk. Måndag vart den omstridde Gezi-parken opna att for publikum, 23 dagar etter at han vart rydda for demonstrantar og stengt. Tre timar seinare vart parken nok ei gong stengt og demonstrantar kasta ut av politet, melder den tyrkiske avisa Hürriyet. Nok ei gong kom brutaliteten til politiet til syne att. Politiet brukte vasskanonar og tåregass mot dei som ville ta seg inn i Geziparken og området rundt. Også i helga var det tillaup til protestar i Istanbul.

Istanbul sin guvernør Hüseyin Avni Mutlu gjorde det tindrande klårt at demonstrantar ikkje vil sleppe inn att i parken. Det er lett å lese ut av dette at styresmaktene er redde for ny storprotestar og garderar seg ved å halde folk unna symboltunge stader som Gezi-parken og Taxim-plassen. Det var planane om å bygge ein kopi av ein militærleir frå det osmanske riket som også skulle innehalde eit gigantisk kjøpesenter (tru det den som kan) i Gezi-parken som starta dei veldige protestane i Istanbul i juni. Utruleg nok er desse planane no lagt vekk, men berre førebels. Riktignok har ein domstol oppheva planane om utbygging i Gezi-parken og rundt Taxsimplassen, men kan verte anka.
Kort tid etter utvikla protestane seg til ein generell kritikk av AKP-regjeringa og Erdogan sin politikk. Tyrkiske styresmakter har fenge massiv kritikk for å ha slått valdsomt ned på protestene. Fagrørsla og den tyrkiske venstresida har vore sentrale i protestane i juni. Det vil vise seg framover kva styrke som finns i folket til å halde oppe kampen for eit anna og meir rettvist Tyrkia.

Sosialistpartiet forfølgd av Erdogan

Under protestane i juni byrja styresmaktene å aksjonera mot sentrale personar dei meinar står bak protestane. Ein advokatforeining hevda at aksjonen blant anna var mot eit nittitals medlemmer i sosialistpartiet ESP. Partiet har vore aktivt i demonstrasjonane. Blant dei arresterte er partiet sin leiar. Det vart også gjennomført razziaer i lokala til den tyrkiske avisa Atilims og nyhendebyrået Etkins, melder den tyrkiske TV-kanalen NTV. Begge desse mediane har band til ESP. Regjeringa vil også innføre ei lov som regulerar sosiale media for å stanse det som dei kallar provokativ åtferd på nettet. Nettet har spelt ei særs viktig rolle for organiseringa av masseprotestane i landet. Dette åtaket på ytrings- og pressefridomen bør få folk til på nytt å «regjere gata» for å vise arrogante styresmakter kva som ikkje kan tolererast!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Har den politiske vinden over Tyrkia stilna?

  1. migarium seier:

    You know, Gezi Park protest, has begun with the wish of that AKP removes the trees in the park in Taksim Square and instead these, building Ottoman-era Taksim Military Barracks. After occupy Gezi, Council of State had rejected the decision of the barracks.

    Today, 15 july 2015, after 2 years after the events, Council of State also decided there can be builded barracks. Already, people have resisted because they were against that decision. Again the same thing. Because of you follow the event closely, I wanted to add this news to your blog, my Earthling friend.

  2. ivarjordre seier:

    Thanks for the interesting news Migo, I appreciate it very much! Also a bad thing that the Council of State suddenly decided there can be built barracks any way. Then you Turkish activists have to resist this arrogant behavior with new demonstrations and actions. Good luck, I will follow the events closely!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s