Det tettar seg til i Egypt

Etter fleire dagar med veldige protestar mot president Mohamed Morsi, gjekk militæret inn og avsette hanonsdag 3. juli. Den tidligare presidenten sit no i arrest i det militære hovudkvarteret i Kairo. Høgsterettsdommar Adil Mansour er mellombels president i ei overgangsregjering. Fredsprisvinnar og aktuell presidentkandidat i Egypt, Mohamed El Baradei, vart ikkje statsminister likevel etter mykje om og men. Han vart ikkje godkjend av salafistane som var med i drøftingane om ei samlingsregjering. Dei har no trekt seg frå drøftingane, i følgje dei sjølve er det grunna valden og drapa på Morsi-tilhengjarar i Kairo natt til måndag. Egyptisk fjernsyn melder at sosialdemokraten Ziaad Bahaa el-Din truleg vert statsminister for overgangsregjeringa. Men det er framleis ikkje statfesta, i eit for tida kaotisk politisk klima. Mohamed ElBaradei vert kanskje visepresident, melder Reuters.

Egypt -Mursi-tilhengjarar protesterar, juli 2013

– Spenninga aukar i Kairo, seier Midtausten-korrespondent for NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen.
Foto: NRK

I mellomtida er tilhengjarar av Det muslimske brorskapet i regelrette kampar med militære og politi utanfor det militære hovudkvarteret, der dei trur avsette president Morsi vert halden. Etter ein relativ fredleg sundag, kom det til kraftige samanstøyt natt til måndag og det egyptiske helseministeriet melder om over 40 drepne i morgontimane. Brorskapet seier militæret skaut med skarpt mot ei fredleg folkemengde, mens militæret seier demonstrantane prøvde å storme hovudkvarteret til dei militære. Enkelte vitner seier etter skytingen i Kairo mandag morgen at det var sivilkledde menn som skaut, mens hovudforklåringa har vore at det var styrkar fra hæren som skaut på islamistiske demonstrantar. Kvinner og barn var blant dei 42 drepne i sammenstøtane stadfestar helsedepartementet i Egypt til Al Jazeera. Det muslimske brorskapet påstår at hæren også har drepe ein journalist i samanstøytane.

To tilhengjarar av tidlegare president Morsi fanga måndag to soldatar frå den egyptiske hær. Dei tvang deretter soldatane til å rope ut støtteerklæringar til Morsi og negative ord om hæren over eit høgtalaranlegg, seier ein talsperson for den egyptiske hær til nyheitsbyrået AFP.

Egyptiske styresmakter stengjer hovudkvarteret til islamistpartiet Fridoms- og rettferdspartiet etter påståtte våpenfunn. Politiet fann lettenneleg væske, knivar og skytevåpen som skulle brukast mot demonstrantane 30. juni, då millionar av egyptarar var i gatene i protest mot tidlegare president Mohamed Morsi, i følgje talspersonar for styresmakta melder AFP.

Mohamed El Baradei, fordømer drapa som fann stad i Kairo i natt, skriv nyhendebyrået AFP. – Vald avlar vald, og det må fordømast på det sterkaste. Ei uavhengig gransking bør finne stad. Ei fredfull overgang til nytt styre er den einaste vegen å gå, seier El Baradei.

Heile Egypt står i ein ubalanse, der det anten tippar over til meir vald og ekstreme islamistar som krigførande part mot Miliæret og dei sekulære, med Brorskapet som vatnet dei kan symje i, eller at egyptarane til slutt samlar seg om nyval og rehabilitering av det skjøre demokratiet dei trass alt har byrja på etter Mubarak. Det muslimske brorskapet oppmodar i ei melding til opprør mot dei nye makthavarane i Egypt, melder nyhetsbyrået AFP. Oppmodinga kjem frå Brorskapet si politiske grein, Fridoms- og rettferdspartiet, og er lagt ut på Brorskapet si nettside.

..tida vert «spanande» framover..følg med..

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s