Dagane derpå i Egypt?

Tahrir-plassen-kviler ut, 6. juli 2013

Egyptar kviler ut på Tahrir-plassen – etter festen

Jubelscenene på Tahrir-plassen i Kairo tok ingen ende etter at det vart kjent at president Mohamed Mursi frå Det muslimske brorskapet vart avsett onsdag. Fredag kveld var folk på nytt samla i sentrum av Kairo for å feire. Men festen kan verte kortvarig, om ikkje samarbeid mellom Egypt sine mange grupper og ein dialog med Brorskapet vert mogleg. Er det dagane derpå no i Egypt, med vald og konfrontasjonar som virkemiddel? Opposisjonen er stor i landet, men dei må no samle seg for eit nytt Egypt, elles..

Torsdag vart leiaren for grunnlovsdomstolen, Adli Mansour teken i eid som mellombels president i Egypt, og forventnigane er no store til korleis Masour vil leie landet i overgangsperioden fram mot eit nytt val, seier utansriksmedarbeidar for NRK. Mansour oppløyste fredag det islamist-leidde overhuset i nasjonalforsamlinga og peika ut ein ny etterretningssjef. Om neste setning skulle overraske nokon: Så er Mohamed ElBaradei utnemnt til statsminister i den nye overgangsregjeringa i Egypt. Dette kjem frå ei kjelde nær presidenten sitt kontor, melder NRK. Brorskapet var raskt ute:
– Me avvisar militærkuppet og alt det resulterar i, inkludert ElBaradei, seier ein talsperson.

Militante til Egypt

Islamistane kjem til Egypt for «heilag» krig. Allereie natt til torsdag utførte militante islamistar åtak på ein flyplass og fleire kontrollpostar i Nord-Sinai. Ein soldat vart drepen. Grensa nord på Sinai-halvøya mot Gazastripa vart stengd grunna sikkerheitsomsyn, melder nyhendebyrået AP. Væpna tilhengjarar av Morsi storma fredag kveld provins-hovudkvarteret i Nord-Sinai. Tilhengjarane heiste det svarte banneret til dei militante islamistene etter ei skotveksling, melder AFP. Nye åtak er også proklamert frå al-Qaida tilknyta grupper, slik at moglegheita for jihadistisk opptrapping i Egypt er absolutt til stades. Ei ny islamistgruppe, som kallar seg Ansar al-sharia, har kunngjort si etablering i Egypt og kaller avsetjinga av Mohamed Morsi for «ei krigserklæring». I ei uttaling som kom på eit forum for militante fredag, trugar gruppa med å bruke vald for å innføre sharia-lover i Egypt.

Det siste på valdsfronten er at ein koptisk kristen prest vart skoten og drepen laurdag i den egyptiske byen El-Arish, i følgje sikkerheitskjelder. Mykje truleg står militante bak som har ssgt at koptarane er medskuldige i avsetjinga av Morsi.

Arrestordrar og ikkje-arrestordrar, kupp og ikkje-kupp

I følgje den egyptiske avisa Al Ahram er det meldt arrestordrar på rundt 300 medlemmar av Brorskapet. Det muslimske brorskapet aksepterar ikkje eit militærregime, men vil ikkje ty til våpenbruk, sa Mohamed El-Beltagy, ein sentral leiar i Brorskapet til Reuters. Likevel er leiar for Brorskapet Mohamed Badie sikta for å ha oppfordra til drap på demonstrantar. Nestleiar i Brorskapet, Khairat al-Shater, er vorte arrestert, seier egyptiske styresmakter, melder AFP. Den tidligare presidentkandidaten al-Shater, ein rik forretningsmann, vert sett på som Brorskapet sin fremste politiske strateg. Militæret har tidlegare nekta for at dei ville arrestera han. Samstundes nektar Egypt sin utanriksminister Mohamed Kamel Amr for at det har vore eit militærkupp. Han har forsikra USA sin utanriksminister John Kerry om at det ikkje har hendt noko kupp i Egypt. Då skulle vel alt vera i si beste ordning i Washington, tenkjer eg.

– Eg håpar dei les situasjonen riktig, at dette ikkje er eit militærkupp på nokon måte. Dette var faktisk den overveldande viljen i folket, sa Amr torsdag.

Men ikkje alle er overtydde om at dette ikkje er eit «kupp». I følgje Al Arabiya utestenger Den afrikanske union Egypt frå alle aktivitetar inntil vidare etter at den egyptiske hæren avsette Mohamed Morsi som president.

Tilhengjarar og motstandarar

Ein koalisjon av islamistar, leia av Det muslimske brorskap, oppfordra egypterar til ein landsomfattande demonstrasjon fredag. Dei ba folk om å ta til gatene og delta i fredelege demonstrasjonar. – Sei nei til militære arrestasjonar, nei til militærkupp, heitte det i oppfordringa frå det som kallar seg Den nasjonale koalisjonen til støtte for legitimitet. Hærleiinga sa i ei uttaling at retten til fredelege demonstrasjonar er ein menneskerett. Men at dei vil prøve å halde dei to frontane frå kvarandre. Fredag var det venta store demonstrasjonar til støtte for Mohamed Morsi. Morsi sit truleg i arrest i Republikanargarden sitt hovudkvarter, og han og andre leiarar har fenge reiseforbod.

Mange tok oppfordringa og demonstrerte, men det var ikkje så stort som Brorskapet ønskte seg. Samstundes ba Egypt sin liberale koalisjon sine støttespelarar gå ut i gatene for å demonstrere mot Morsi-tilhengjarane som fredag demonstrerte mot at presidenten vart avsett. Valdelege konfrontasjonar mellom tilhengarar og motstandarar gjorde seg diverre gjeldande utover dagen. Morsi-tilhengjarar og soldatar støytte samman utanfor hæren sitt hovudkvarter og tre demonstrantar vart drepne. Seinare nekta hæren for at dei hadde skote med skarpt. Militæret hevda dei berre skaut med lausammunisjon og brukte tåregass. Litt merkeleg forklaring kanskje når soldatane er væpna og demonstrantane ikkje er det. Eller var det andre sikkerheitsstyrkar tilstades også? Utover dagen og kvelden fredag vart konfrontasjonane stadig hardare og dødstala steig. Ein av dei tre drepne utanfor hovudkvarteret viste seg å vera skoten i hovudet då han skulle henge opp ein Morsi-plakat på piggtrådgjerdet rundt militærbygget, av ein soldat! På landsbasis vart omlag 30 drepne og opp mot 1000 såra.
Dei siste dagane er omlag 50 drepne og frykta for hemnagrep er stor. Berre i Alexandria har over 10 personar vorte drepne.

Tahrir-brua-gateslag 2, 5. juli 2013

Gigantisk slag på «Tahrir-brua»

Fredagen starta med stor folkesamling ved Brorskapet sin største moské, Raba el-adawia-moskeen i Kairo, etter fredagsbøna. Dei marsjerte så til miltærhovudkvarteret før dei seinare gjekk mot den store brua over Nilen på vegen mot Tahrir-plassen. På Tahrir-plassen var titusenvis samla til feiring av avsetjinga av Morsi. Dit kom Morsi-tihengjarane aldri. I staden utvikla det seg utover mot midtnatt eit gigantisk gateslag på brua mellom opposisjonen og tilhengjarane, som ville hindre Morsi-folka å ta seg fram til plassen. Det vart kasta stein og brannbomber, og NRK sin korrespondent kunne fortelje om skyting med automatvåpen og mange vart truleg drept på denne brua og i nærleiken. Etter kvart kom pansra politibilar til staden, men dei militære var ikkje å sjå før etter fleire timar før dei også kom med pansra køyrety, meldte NRK, som har kontoret sitt rett ved der gateslaget fann stad. Samstundes med dei veldige opptøyane i Egypt, er den no avsette president Morsi sin forgjengar, Hosni Mubarak, på tiltalebenken i ei ny rettsrunde. Retten skal ta stilling til om Mubarak er medskuldig i drap på demonstrantar under opprøret under «den arabiske våren» for to år sidan. Snakk om gamle og nye skuggar side om side!

Egypt sine islamistar lovar nye demonstrasjonar. Gatene ser ut som slagmark og militæret sit med fingrane på avtrekjaren. Det muslimske brorskapet oppmodar med nye og store demonstrasjonar sundag for å få attinnsett sin Morsi. Ein treng ikkje lese spenningsbøker når ein kan følgje situasjonen i Egypt. Der er folket i sentrum og berre tida vil vise kva veg dette går.

..følg med, nye oppdateringar og vurderingar kjem..

FAKTA OM MORSIS ÅR VED MAKTEN
30. juni 2012: Mohamed Morsi vinner presidentvalget i Egypt med 51,7 prosent av stemmene. Dagen etter blir han tatt i ed som landets første sivile og første islamistiske president.
12. august: Morsi opphever et dekret som ga militærrådet den virkelige makten i landet, og fjerner rådets leder Hussein Tantawi, som har styrt landet siden president Hosni Mubarak måtte gå i februar 2011.
22. november: Morsi utsteder et dekretet som gir ham utvidede fullmakter.
30. november: En islamistdominert grunnlovsforsamling vedtar en ny grunnlov.
8. desember: Morsi opphever det omstridte fullmaktsdekretet.
15. og 22. desember: I en folkeavstemning godkjenner 64 prosent av velgerne den nye grunnloven. Opposisjonen nekter å godkjenne resultatet. Flere blir drept i sammenstøt mellom motstandere og tilhengere av Morsi.
24. januar 2013: Voldelige sammenstøt mellom demonstranter og politiet i forbindelse med toårsdagen for utbruddet av revolusjonen. Nær 60 mennesker blir drept i løpet av en uke.
5. april: Fire kristne og en muslim blir drept i religiøse sammenstøt.
2. juni: Egypts grunnlovsdomstol underkjenner valget av senatet, den eneste delen av nasjonalforsamlingen som fortsatt sitter sammen, og av grunnlovsforsamlingen.
21. juni: Titusener av islamister demonstrerer til støtte for Morsi.
30. juni: Titusener demonstrerer mot presidenten på ettårsdagen for hans valgseier. Ifølge helseministeren blir 16 drept.
1. juli: Opposisjonen gir Morsi et døgn til å trekke seg. De militære gir presidenten to døgn til å løse situasjonen.
3. juli: Morsi blir avsatt i et militærkupp og satt i arrest. (Kilde: AFP-NRK) (NRK-NTB)

FAKTA OM MILITÆRETS ROLLE I EGYPT
Etter at militæret grep makten i Egypt i 1952, bygde de opp en autoritær stat, basert på en sterk presidentmakt med militæret i ryggen.
Presidentene Gamal Abdel Nasser (1956-1970), Anwar Sadat (1970-1981) og Hosni Mubarak (1981-2011), som alle hadde militær bakgrunn, kontrollerte hele statsapparatet.
Da Mubarak måtte gi fra seg makten i 2011, var det de væpnede styrkers øverste råd som overtok makten.
Maktposisjonen til Egypt første sivile president Mohamed Morsi har vært uklar siden han ble valgt i juni 2012.
Før presidentvalget utstedte militærrådet et dekret som sterkt begrenset presidentens makt. I august opphevet imidlertid Morsi dette dekretet, noe militæret aksepterte.
Onsdag 3. juli avsatte militæret den valgte presidenten Mohamed Morsi. to døgn etter at hæren ga ham et ultimatum om å løse den spente situasjonen i landet. (NTB)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s