Kor går du kjære Egypt?

%22Tamarod%22, %22rebel%22-campaign, Egypt, July 2013

Tamarod eller rebell på norsk er ein ny omfattande kampanje som har sidan den vart starta i vår har hatt som mål å få Det muslimske brorskapet til å gje frå seg makta eller samarbeide på brei front med alle politiske deler av det egyptiske samfunnet. Den radikale venstresida er ein viktig aktør i denne rørsla. Mykje av mobiliseringa til dei enorme protestane har Tamarod stått for.
Foto: AP Photo/Hassan Ammar

Dette store og viktige landet med sin tusenvis av år med utruleg historie er truleg inne i si mest avgjerande fase som nasjon. I kva retning Egypt går politisk, sosialt og økonomisk framover etter at president Mursi vart avsett, vert kanskje meir spennande enn ein ønskjer seg. Men lat meg roe det ned litt. Det at media elskar å få opp stemninga ved å heile tida snakke om kupp og at situasjonen når som helst kan «eksplorera», er som vanleg deira vis. Ikkje dermed sagt at det ikkje er vanskelege tider i Egypt, men den jamne egyptar vil ikkje ha vald som virkemiddel, og dei viser styrke med desse enorme folkemassar i gatene utan vald. Dei som vil det er som vanleg islamistiske ekstreme grupper som al-Qaida og Wahhabistar. Wahhabisme er den retning som mellom anna styrer Saudi-Arabia.

Det er ulike syn på om dette er eit kupp eller ikkje. Både blandt journalistar, akademikarar og folk på gata i Kairo for den del. Det er alltid problematisk når eit valt styre vert avsatt av militære, men i Egypt må det også sjåast på i kva retning styret gjekk og det at folket til slutt truleg var hovudfaktoren til at militæret greip inn. Slik ser tydelegvis mange egyptarar det.
Ein ting er i alle fall sikkert og det er at Det muslimske brorskapet har gjort ein heil del med feil. Dei har ikkje samla folket, og det kan tyde på at Brorskapet ikkje har hatt evne og kompetanse til å styre eit land. Løftene den no avsette presidenten Mohamed Mursi gav då han vann valet for eit år sidan, har ikkje vorte innfridd. Økonomien har ikkje vorte betre, snarare tvert om. Ting som lite varer tilgjengelege i periodar, høge prisar, dårleg infrastruktur og elektrisitetsforsyning som er nede ofte i mange områder i landet, har vore noko av det som fekk dei enorme folkemassene til gatene. Ein viktig ting er i høg grad ei omfordelingsprosess som vart lova, og som ikkje ei gong er starta. Omgrepet «den arabiske våren» gjeld truleg som ein metafor enno, og i følgje egyptarar i opposisjon til Mursi og hans klikk, er det som no hender å forstå som «den 2. revolusjon». Ei forlenging av det som byrja i februar 2011 då det autoritære styret til Mubarak vart tvunge frå makta. Men strukturane vart verande med mange av det tidlegare regimet sine folk framleis i leiande posisjonar, mellom anna i det militære. Med andre ord ingen reell revolusjon som har endra sjølve systemet, men berre «kasta» eit regime.

Så kom Mursi og brorskapet og alle dei millionar som stemte på han trudde at nye og betre tider skulle kome. Det håpte dei som ikkje stemte på han til ein viss grad også, men med skepsis til korleis utviklinga ville gå. Sjølv om mange framleis støttar Mursi, er i det siste rekna med at nærare 80 prosent no er mot og vel 20 prosent for Mursi. Men slike tal er usikre og må handsamast der etter. I alle fall er det millionar egyptarar som dei siste vekene har endra syn og har «oppdaga» at Mursi og gjengen i toppskiktet av Brorskapet har ført politikken meir eller mindre frå han vart valt, i autoritær retning. Også konsolideringa av sine eigne folk i Brorskapet i regjering og byråkrati, med lite samarbeid med andre politiske grupper, har sterkt ført til at avstanden mellom Mursi og folket har auka i takt med misnøgda. Presidenten kan også takke seg sjølv for at ting ikkje heng saman og at folket vert framangjort i høve han.

General Abdel Fattah al-Sissi står no fram som Egypt sin sterke mann etter avsetjinga av Mohamed Mursi. Det var knapt nokon som visste kvem Abdel Fattah al-Sissi var, då president Morsi 12. august i fjor utnemnte han til forsvarsminister i Egypt. Litt ironisk å tenkje på at det som skulle vera lenka til militæret, vart han som til slutt var med på avsette presidenten. Utnemninga av al-Sissi var sett på som eit forsøk frå Mursi og Det muslimske brorskapet på å redusere militæret si politiske makt ved å setje inn ein mindre erfaren general. Omlag eit år seinare er det al-Sissi som er arkitekten som tok vekk president Mursi frå makta. Sjølv som leiaren for grunnlovsdomstolen, Adli Mansour, vart teken i eid som Egypt sin mellombels president torsdag, er det 58 år gamle al-Sissi som etter avsetjinga av Mursi onsdag 3. juni, står fram som den personen i makta som har kontrollen.

Egyptian protesters, June 2013-635x357

Foto: AP Photo/Amr Nabil

For ett år siden var mange egyptarar fornøgd med at den nyvalte presidenten, sparka forsvarssjefen og sette inn ein general han trudde var «sin mann», både som forsvarssjef og forsvarsminister. Men det var den gong og ikkje no. I dag er det vanskeleg å sjå kvem som var mest korttenkt: Det arrogante muslimske brorskapet eller opposisjonen, skriv Odd Karsten Tveit i ein kronikk på MRK sine nettsider. Eg meiner at det mest korttenkte er utan tvil Brorskapet som ikkje har høyrt på sitt folk og som var på full fart mot det autoritære styret.

Intervensjonen kom for å få skape nasjonal samling, vart det sagt. Om ordet «kupp» hadde vorte brukt ville USA si årlege gigantiske militære hjelp til Egypt på 1,3 milliardar dollar kunne vorte stansa. Slik er deira merkelege lover. Det spelar ingen rolle om landet dei støttar er eit autoritert militært styre, slik Mubarak sitt var, berre det tenar usanske interesser. Omgrepet «kupp» er etter mi meining ikkje dekkande her. For eit reelt kupp er antan gort utan nokon folkeleg støtte eller sett i scene av utanlansk innblanding, eller begge deler. Når ein ser på det som har hendt i Egypt med dei største massemønstringane i landet si historie, er det ein så sterk faktor til endring, at eit meir passande omgrep kan vera eit «folkekupp med militær hjelp». Det er ikkje dermed sagt at ein avsetjing av ein lovleg valt president ikkje er uproblematisk. Men det vil vera feil å hevde at egyptarane ikkje sjølve veit utmerka godt kva deira militærvesen er for noko. Eit militære som har kontroll med så mykje som 40-50 prosent av den egyptiske økonomien og store privilegiar. Brorskapet trudde militæret var «temma» ettersom offiserskorpset fekk halde på sine økonomiske privilegiar. Slik at brorskapet spelte på lag med militæret i staden for å gjere eit konstitusjonelt oppgjer med dei. Det vart deira bane.

Men størsteparten av det egyptiske folk vil ikkje ha militæret i den politiske makta og dei vil ta vekk deira økonomiske fordelar og store del i den egyyptiske økonomien. I denne skjelsetjande hendinga vil mange egyptarar truleg meine at militæret var deira «nyttige idiotar» i fjerninga av eit styre som ikkje fungerte.

..følg med, følg med, fleire interessante nyhende vil kome..

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s