Oppdatering – verda sin største spiontrillar – i hovudrollen USA

USA_iron_man_3_still_2
«Who is this? Big brother?»

..og her er førebels siste episode i USA sin spiontrillar (1. juli):
Frå sist (berre eit døger sidan!) kan det forteljast at representantar frå både EU, Tyskland og Frankrike er forbanna på “storebror” etter avsløringane om avlytting av EU-kontorer både her og der. Dei krev straks forklaringar frå Washington.
Så er det kome fram at fleire europeiske land sine ambassader er på NSA (National Security Agency) si liste over interessante overvakingsmål. I følge The Guardian var mange allierte land på denne lista. Eit dokument avisa har fenge tilgong til viser at dei franske, italienske og greske ambassadane sto på lista. Frankrike, Italia og Hellas var (er) blant 38 mål for usansk spionasje.

Også ambassadane til Japan, Mexico, Sør-Korea, India og Tyrkia var (er) blant dei 38 ambassadane i Washington og ved FN-hovudkvarteret i New York som var mål, skriv NRK på sine nettsider. Eit dokument viser også kva for metodar USA har brukt i overvakinga. Blant anna har dei installert små og gjøymte mikrofonar og sendarar i elektronisk utstyr. Dei tappa også kommunikasjonskablar og samla elektroniske signal med spesiallaga antenner. Ein av avlyttingsmetodane The Guardian skriv om hadde kodenamnet Dropmire. Det var ein liten sendar som var sett inn i ein kryptert faks i EU sine kontor i Washington. Maskina vart brukt til å sende meldingar til dei ulike i EU-landa sine utanriksdepartement. I følgje eit dokument frå 2007 var formålet med avlyttinga å samle informasjon om usemje mellom EU-landa i internasjonale spørsmål, skriv NRK.

Slik driv altså “storebror” på. Avlyttar i stor skala allierte og ikkje-allierte. “Same shit”, berre me får tak i den informasjonen me treng, tenkjer dei i NSA. Ja, og så brukar me spionasjeprogrammet PRISM for å halde greie på kva folket driv på med av lugubre planar om evetuelt opprør og anna styggedom.

..følg med, neste spionepisode er like rundt hjørnet..

Oppdatering (2. juli):
EU er forbanna, Holande er forbanna, Märkel er forbanna, Ashton er likeså. Norske styresmakter med Lønseth i spissen er det ikkje. Han trur på det “vår store ven” seier, at det ikkje er noko overvaking av norske borgarar, så er det vel ikkje det då. USA er jo sanninga sitt rike, så dei snakkar sant! Fantastisk kor trygge me kjenner oss..
I følgje WikiLeaks si nettside har Edward Snowden levert asylsøknader til 21 land, dei er m.a:

The requests were made to a number of countries including the Republic of Austria, the Plurinational State of Bolivia, the Federative Republic of Brazil, the People’s Republic of China, the Republic of Cuba, the Republic of Finland, the French Republic, the Federal Republic of Germany, the Republic of India, the Italian Republic, the Republic of Ireland, the Kingdom of the Netherlands, the Republic of Nicaragua, the Kingdom of Norway, the Republic of Poland, the Russian Federation, the Kingdom of Spain, the Swiss Confederation and the Bolivarian Republic of Venezuela.

The requests join or update others previously made including to the Republic of Ecuador and the Republic of Iceland. (WikiLeaks)

Snowden har søkt asyl i Noreg og bør sjølvsagt få det. Snowden har krav på asyl og Menneskerettserklæringa sin artikkel 14 seier m.a. dette:
1. Einkvar har rett til i andre land å søkje og ta imot asyl mot forfølgjing.
2. Denne rett kan ikkje krevast ved rettsforfølgjing som har reelt grunnlag i upolitiske forbrytingar eller handlingar som strir mot Dei Sameinte Nasjonar sine føremål og prinsipp.

Men slikt bryr ikkje norske styresmakter seg om. Statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet har allereie ferdighandsama Snowden sin søknad omlag før dei har fenge han. Til NRK seier Lønseth at i følgje norsk lov kan ein ikkje søke asyl frå utlandet, og at normal prosedyre vil seie at Snowden sin søknad vil verte avvist fordi Snowden var i Russland då han søkte. Men Noreg og kva slags land som helst kan gje kven som helst asyl om dei ønskjer. Ingen nasjonale lover eller internasjonale traktatar hindrar det, snarare tvert om. Dei presiserar retten til asylsøkaren og moglegheita til landet ein søker til, å innvilge asyl. Nei, det er ikkje i det juridiske plan “det underdanige” ligg gravlagt, men i det politiske. Det er naturlegvis “lurt” av Noreg å på førhand avslå asyl for Snowden, før USA ringer Stoltenberg og fortel kvar “(ven)skapet skal stå”!

..fortsetjing kjem..garantert..

Oppdatering (3. juli):
USA sitt grep om deira allierte og påfølgande truslar har tydelegvis virka. Fleire av dei landa Snowden har levert asylsøknad til har vore raske med å gje han avslag. Utruleg overraskande! Nei, slett ikkje. Så sagt som gjort: Noreg har formeldt gove Snowden avslag. Men historia er truleg ikkje slutt med det. Den norske PEN-klubben (ytringsfridoms- og menneskerettsorg. for forfattarar) vil bruke initiavtivretten til å få norske styresmakter til å realitetshandsame asyl for Snowden. Kodeflykningsomgrepet og Mennekserettserklæringa kan omgå norske styresmakter sine formalitetar og bidra til rettferdig handsaming og asyl, meiner PEN-klubben. Lat oss håpe, for menneskeheita si skuld, at dei lukkast!

Dei siste fem åra har til saman fire usanarar fenge opphald i Noreg på humanitært grunnlag, melder NRK nyheiter. Litt ironisk å tenkje på når Edward Snowden sin asylsøknad formelt vart avslått av UDI!

I mens held dramatikken fram. Det er ikkje måte på kva som hender i kjølevatnet av den største avlyttingsskandala verda truleg har sett: Flyet til Bolivia sin president Evo Morales på veg heim frå Moskva vart tvunge til å lande i Austerrike tysdag kveld då andre land, spesielt Frankrike og Spania etter kva som er sagt frykta at varslaren Edward Snowden var om bord. Det viste seg ikkje å vera tilfelle etter at flyet vart gjennomsøkt og ingen varslar var å sjå. Kanskje politiet gløymde å undersøke toaletta eller cockpiten? Ein rasande utanriksminister David Choquehuanca fortalte at Frankrike, Portugal og Italia hadde sperra sine luftrom og at flyet måtte snu og fekk til slutt lande på flyplassen i Wien. Dette nekta landa for var tilfelle.

– Dette er eit spørsmål om å følgje internasjonale reglar for luftrommet, sa Evo Morales på ein improvisert pressekonferanse på flyplassen onsdag. Han sa vidare at den ecuadorianske presidenten Rafael Correa hadde ringt han to gonger for å diskutere om dei skulle trekke attende ambassadørar.

Bolivia sin visepresident, Alvaro Garcia Linera, sa at dei veit at reisa vart hindra av USAs styresmakter.
– USA er redd for ein landsens mann, ein innfødt, ærleg mann som vernar vårt land sin suverenitet, sa Linera.

Bolivia har bede om eit krisemøte med andre Sør-Amerikanske land for å diskutere handsaminga av den bolivianske presidenten. Ambassadøren deira til FN vil truleg ta det opp i verdsorganisasjonen og sa at Austerrike sin inspeksjon av flyet var brot på internasjonal lov.
Presidentflyet letta frå Wien onsdag og er på veg attende til Bolivia.

Spiontrillaren held fram på avsløringsplanet også. NRK meldte onsdag at ein skjult mikrofon er oppdaga i Ecuador sin ambassade i London, der WikiLeaks-grunnleggaren Julian Assange oppheld seg, hevdar Ricardo Patiño, utanriksministeren i Ecuador. Tilfeldig? Neppe! Opphavet til mikrofonen og eventuelt anna avlyttingsutstyr vert avslørt seinere onsdag på ein pressekonferanse. Patiño har ikkje kome med fleire detaljar utover å hevde at det dreier seg om «eit land». Javel, ein kan no tenkje sitt kvar og ein.

Utanriksministeren sa til journalistar tysdag at han ikkje trur at mikrofonen har noko å gjere med oppstyret rundt Edward Snowden, som blant anna har søkt om asyl i Ecuador.

– Det skal væra snakk om utstyr som kan fange opp lyd, altså samtalar. Men samstundes seier den ecuadorianske utanriksministeren at utstyret kan fange opp mykje anna type informasjon. Så me veit ikkje om det også er noko som kan trenge inn i datassystemer og gje elektronisk overvaking, seier utanriksmedarbeider i NRK, Hallvard Sandberg.

– Det naturlege er å tenkje på USA som har Assange som ein av sine hovudfiendar. Me veit at britisk etterretning absolutt er i stand til å gjere noko slikt, dei har kapasitet til å gjere det, og det er i London dette har hendt, understrekar Sandberg.

..følg med, følg med, spiontrillaren endar ikkje her..trur eg..

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s