Oppdatering – protestane i Brasil

Oppdatering (3.juli):

Brasils president Dilma Rousseff har øyremerka omlag 130 milliardar kroner til offentleg transport.

Det virkar som det nyttar å heve røysta og det kraftig, for det brasilianske folk. Etter mange veker med enorme folkemasser i gatene ser det ut for at noko vert gjort. Men er det nok?

I tillegg til øyremerking av midlar til offentleg transport har Roussef føreslått å halde ei folkerøysting ved neste val om politiske reformar. Men det er usikkert om ho får Nasjonalforsamlinga med på det.

Folk har vore svært misnøgd med at Brasil brukar milliardbeløp på å arrangera prøve-VM i fotball i sommar, i tillegg til sjølve fotball-VM neste år og sommar-OL i 2016. Folk meiner at pengane skulle vore prioritert annleis.

Populariteten til presidenten har formeleg ramla som ein stein sidan dei omfattande demonstrasjonane byrja for over tre veker siden. 57 prosent av spurde i ei meiningsmåling 6.-7. juni svarte at dei meinte Rousseff gjorde eit godt arbeid. Omlag ein månad seinare svarar berre 30 prosent det same, i følgje målinga frå Datafolha.
Prosentdelen som meinar Rousseff si regjering gjer eit dårleg eller elendig stykke arbeid, har auka frå 9 til 25 prosent i det same tidsrommet. I mars i år meinte 65 prosent at presidenten gjorde eit godt politisk arbeid.

Det er med dette klårare at Brasil sine styresmakter for allvor er inne i ei tillitskrise og at dei må finne på noko alvorleg nytt og revolusjonærande for landet, Men om slikt hender i Brasil som det har gjort i t.d. Venezuela, Ecuador og Bolivia med omfattande sosiale program og folkeleg deltaking på alle plan i samfunnet er nok usikkert, i alle fall med det første. Mykje meir statleg kontroll på økonomien er og viktig. Eit steg framover må vera meir samarbeid og integrering mellom styresmakter og det sivile samfunn. President Rousseff møtte nyleg leiarar frå 25 ungdomsorganisasjonar i eit forsøk på forsoning i hovedstaden Brasília. Det er meir enn dette som skal til for brasilianarane, så dei ventar nok rundt gatehjørnene klare til nye demonstrasjonar om ikkje ønskjene deira vert gjort noko med, snart. (sjå elles artiklane om Brasil nede på sida)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s