«1984» av i dag!

Dei som har lest George Orwell si bok 1984 kan kjenne seg att i si eiga samtid. Og det på ein måte som saknar sidestykke i menneska si overvakingshistorie. I boka skriv Orwell om det totalitære overvakingssamfunn der «tankeministeriet» er sentralt. Eit skrekkens eksempel om kva for eit samfunn som makta, eliten og sterke økonomiske krefter kan få seg til å etablera. Denne form for kontroll er til for å kontrollera folket, massane, for å hindre opprør og motstand mot dei priviligerte elitane. Ikkje for å hindre terrorisme! Når USA med NSA (National Security Agency) set i gong med det største spionasjeprogrammet nokon gong, kan STASI i tidlegare Aust-Tyskland, FSB i Russland og kinesisk overvaking berre gå heim og legge seg. I dette programmet vert millionar på millionar av internett- og telefonbrukarar, ikkje berre i USA, men i mange land i verda, registrerte i enorme databasar. All digital kommunikasjon kan når makta ønskjer det brukast mot folket i situasjonar som krever det, under t.d. folkeleg motstand.

EDWARD SNOWDEN-2013
Foto: The Guardian/Reuters

Så ramla himmelen ned i hovudet på usanske styresmakter! Tidligare CIA-tilsett Edward Snowden (29) kom med omfattande lekkasjar om usansk overvaking. Han arbeidde som datateknikar i CIA og har arbeidt på kontrakt for NSA. Fram til 10. juni var han tilsett i IT-selskapet Booz Allen Hamilton, som har nær tilknyting til usansk etterretningsvesen. Han mista arbeidet på grunn av lekkasjane. Snowden stakk av frå arbeidsplassen sin på Hawai til Hong Kong, der han slepte laus filar med konkrete prov på innhenting av omfattande data frå dei største nettselskapa innan sosiale media og data. Opplysningane er om NSA sitt etterretningsprogram PRISM, som innebærer at usanske styresmakter har overvaka data som privatpersonar har utveksla via Facebook, Twitter, Yahoo, Google, Microsoft og Apple, i tillegg mobiltelefondata frå selskapet Verizon. Tanken om å lekke slike opplysningar kom første gong i 2007, då Snowden arbeidde for CIA i Genève.

Naturlegvis varte det ikkje lenge før heksejakta frå USA byrja. Kongressfolk kalla Snowden forædar og spion, utanriksminister John Carry vil ha han utlevert og Obama vil ha han bak lås og slå. Men om noko av dette vert realitet er ikkje sikkert. Snowden gjer i alle fall det han kan for å unngå det, sjølvsagt. I skrivande stund er han i transitområdet på flyplassen i Moskva. USA har ugjyldiggjort passet og det er usikkert kvar han hamnar, men Ecuador vil ta i mot han. Til denne moglegheita har USA trua med oppseiing av gunstige handelskontraktar, som likevel vil gå ut i juli, så det gjev president Rafael Correa blanke i og kallar USA sin oppførsel uhaldbar. – Det er uhøyrt å forsøke å ta frå eit land sin legitimitet fordi det har motteke ein asylsøknad, sa Correa i en engasjert tale i Quededo 27. juni. Tidligere i veka hylla Ecuadors utanriksminister Ricardo Patiño Snowden, som han sa prøver å kaste ljos over USAs framferd i andre land.

Nyleg var det ein stor konferanse av undersøkjande journalistar og redaktørar i USA, mens avsløringa frå Snowden kom. Det er nesten ikkje naudsynt å fortelje at dette vart hovudsaka på konferansen. Usanske journalistar har skreve om overvaking i landet i mange år, men dette omfanget vart dei sjokkerte over.
Det var tusen deltakarar frå 40 land og noko av orbruken var: Ikkje stol på dei offisielle erklæringane frå usanske styresmakter i desse spørsmåla. Erling Borgen, tidlegare korresspondent i NRK og kjend dokumentarist som var på konferansen, fortel at NSA er i ferd med å bygge eit gigantisk «spionbygg» i delstaten Utah på 80 000 kvadratmeter, til ein prislapp på 14 milliardar kroner. Journalisten som avslørte dette sa til Borgen at han i slike saker møtte berre folk ansikt til ansikt og brukte ikkje elektroniske middel. Konferansen tok og opp korleis journalistar kan verne seg mot overvaking. Kjeldenettverket for undersøkjande journalistikk er i ferd med å tørke heilt vekk, fortel Borgen, noko journalistar er heilt avhengige av. Obama er i journalistkretsar no stempla som den president som har angrepe ytringsfridomen mest ved å bruke spionparagrafar både mot journalistar og varslarar, noko som gjer at mange no er «livredde» for å fortelje noko som helst i frykt for å verte ramma av rettsapperatet. Det store pressebyrået AP har for ikkje lenge sidan fenge 20 av sine journalistar undersøkte ved at justisdepartementet samla inn opplysningar om deira telefonsamtalar og kjelder og til og med Fox News, ein veldig konservativ TV-kanal har vorte undersøkt. Obamaa har no stilt fleire varslarar for retten etter spionparagrafen enn alle presidentar til saman før han, fortel Borgen i P2-programmet «Verda på laurdag». AP sin sjefredaktør sa på konferansen at normal journalistisk aktivitet no er vorte kriminalisert, men at det finn dei seg ikkje i. Etter at kontora deira vart gjennomsøkte på jakt etter kjelder skreiv 50 medieorganisasjonar eit brev til presidenten der meldinga var at han no trua ytringsfridomen.

The Guardian held fram med å gje opplysningar frå Snowden og Stephen Walt, professor på Harward, han er kjend for å snakke der andre teier, seier at det som er det viktige med dette er kor omfangsrikt denne overvakinga er og han trur også at det truleg har vore overvaking av norske statsborgarar. Men norske styresmakter vil ikkje sei at det har vore det, og trur altså på det USA seier. Kor naive eller servile går det an å vera? Altså: Regjeringa stolar på USA. Så lenge dei ikkje får noko informasjon om noko anna så går dei god for at usanske styresmakter ikkje har overvaka norske statsborgarar. Spørsmålet mange då stillar seg er: Går det eigenteleg an å verkeleg stole på usanske styresmakter? Mens Snowden byrja avsløringane i Hong Kong var Obama i ferd med å møte kinesiske styresmakter for å konfrontera dei med deira overvaking av USA. I staden vart det heile snudd på hovudet og det vart om USA som spionerte på Kina. Kina og Russland har fenge prova at dei ikkje dansar etter USA si pipe og har heller ikkje gjort noko for å gripe Snowden. Han sa m.a. i nettintervjuet gjort av aktivisten og bloggeren Tom Grundy i Hongkong, at «vil dei (USA) ta meg så klarar dei det truleg før eller seinare». Me som er opptekne av slike modige personar som Snowden, som har informert verda med dokumentasjon om «verdmakta» USA sine aller mørkaste store-bror-ser-deg-sider, håpar i det lengste at han klarar å lure «supermakta». Det gjev i tilfelle meir håp for menneskeslekta enn ein anar!

Spiegel-USA avlytta EU-kontor, juni 2013
Foto: Gleb Garanitsj /Reuters/NTB Scanpix

Siste nytt frå Snowden sine lekkasjar er at NSA overvaka EU sin delegasjon sine kontor i Washington og FN ved å plassera avlyttingsutstyr i fleire kontor, i følgje det tyske magasinet Der Spiegel. NSA skal ikkje berre ha avlytta samtalar og telefonar, men også skaffa seg tilgong til dokument og e-poatar. Vekebladet skal ha fenge tilgong til mange hemmelege usanske dokument som stadfestar opplysningane. Eit av dokumenta forklarar eksplisitt EU som eit mål. I følgje der Spiegel avlytta også NSA telekommunikasjon i Justus Lipsius-bygningen i Brussel, der EU sitt råd held til, ved å ringje opp ei einheit for fjernstyrt vedlikehal av IT-anlegget.

Fleire spennande spionepisodar kjem truleg..snart..

..og her er førebels siste episode i USA sin spiontrillar (1. juli):
Frå sist (berre eit døger sidan!) kan det forteljast at representantar frå både EU, Tyskland og Frankrike er forbanna på «storebror» etter avsløringane om avlytting av EU-kontorer både her og der. Dei krev straks forklaringar frå Washington.
Så er det kome fram at fleire europeiske land sine ambassader er på NSA (National Security Agency) si liste over interessante overvakingsmål. I følge The Guardian var mange allierte land på denne lista. Eit dokument avisa har fenge tilgong til viser at dei franske, italienske og greske ambassadane sto på lista. Frankrike, Italia og Hellas var (er) blant 38 mål for usansk spionasje.

Også ambassadane til Japan, Mexico, Sør-Korea, India og Tyrkia var (er) blant dei 38 ambassadane i Washington og ved FN-hovudkvarteret i New York som var mål, skriv NRK på sine nettsider. Eit dokument viser også kva for metodar USA har brukt i overvakinga. Blant anna har dei installert små og gjøymte mikrofonar og sendarar i elektronisk utstyr. Dei tappa også kommunikasjonskablar og samla elektroniske signal med spesiallaga antenner. Ein av avlyttingsmetodane The Guardian skriv om hadde kodenamnet Dropmire. Det var ein liten sendar som var sett inn i ein kryptert faks i EU sine kontor i Washington. Maskina vart brukt til å sende meldingar til dei ulike i EU-landa sine utanriksdepartement. I følgje eit dokument frå 2007 var formålet med avlyttinga å samle informasjon om usemje mellom EU-landa i internasjonale spørsmål, skriv NRK.

Slik driv altså «storebror» på. Avlyttar i stor skala allierte og ikkje-allierte. «Same shit», berre me får tak i den informasjonen me treng, tenkjer dei i NSA. Ja, og så brukar me spionasjeprogrammet PRISM for å halde greie på kva folket driv på med av lugubre planar om evetuelt opprør og anna styggedom.

..følg med, neste spionepisode er like rundt hjørnet..

Oppdatering (2. juli):
EU er forbanna, Holande er forbanna, Märkel er forbanna, Ashton er likeså. Norske styresmakter med Lønseth i spissen er det ikkje. Han trur på det «vår store ven» seier, at det ikkje er noko overvaking av norske borgarar, så er det vel ikkje det då. USA er jo sanninga sitt rike, så dei snakkar sant! Fantastisk kor trygge me kjenner oss..
I følgje WikiLeaks si nettside har Edward Snowden levert asylsøknader til 21 land, dei er m.a:

The requests were made to a number of countries including the Republic of Austria, the Plurinational State of Bolivia, the Federative Republic of Brazil, the People’s Republic of China, the Republic of Cuba, the Republic of Finland, the French Republic, the Federal Republic of Germany, the Republic of India, the Italian Republic, the Republic of Ireland, the Kingdom of the Netherlands, the Republic of Nicaragua, the Kingdom of Norway, the Republic of Poland, the Russian Federation, the Kingdom of Spain, the Swiss Confederation and the Bolivarian Republic of Venezuela.

The requests join or update others previously made including to the Republic of Ecuador and the Republic of Iceland. (WikiLeaks)

Snowden har søkt asyl i Noreg og bør sjølvsagt få det. Snowden har krav på asyl og Menneskerettserklæringa sin artikkel 14 seier m.a. dette:
1. Einkvar har rett til i andre land å søkje og ta imot asyl mot forfølgjing.
2. Denne rett kan ikkje krevast ved rettsforfølgjing som har reelt grunnlag i upolitiske forbrytingar eller handlingar som strir mot Dei Sameinte Nasjonar sine føremål og prinsipp.

Men slikt bryr ikkje norske styresmakter seg om. Statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet har allereie ferdighandsama Snowden sin søknad omlag før dei har fenge han. Til NRK seier Lønseth at i følgje norsk lov kan ein ikkje søke asyl frå utlandet, og at normal prosedyre vil seie at Snowden sin søknad vil verte avvist fordi Snowden var i Russland då han søkte. Men Noreg og kva slags land som helst kan gje kven som helst asyl om dei ønskjer. Ingen nasjonale lover eller internasjonale traktatar hindrar det, snarare tvert om. Dei presiserar retten til asylsøkaren og moglegheita til landet ein søker til, å innvilge asyl. Nei, det er ikkje i det juridiske plan «det underdanige» ligg gravlagt, men i det politiske. Det er naturlegvis «lurt» av Noreg å på førhand avslå asyl for Snowden, før USA ringer Stoltenberg og fortel kvar «(ven)skapet skal stå»!

..fortsetjing kjem..garantert..

Oppdatering (3. juli):
USA sitt grep om deira allierte og påfølgande truslar har tydelegvis virka. Fleire av dei landa Snowden har levert asylsøknad til har vore raske med å gje han avslag. Utruleg overraskande! Nei, slett ikkje. Så sagt som gjort: Noreg har formeldt gove Snowden avslag. Men historia er truleg ikkje slutt med det. Den norske PEN-klubben (ytringsfridoms- og menneskerettsorg. for forfattarar) vil bruke initiavtivretten til å få norske styresmakter til å realitetshandsame asyl for Snowden. Kodeflykningsomgrepet og Mennekserettserklæringa kan omgå norske styresmakter sine formalitetar og bidra til rettferdig handsaming og asyl, meiner PEN-klubben. Lat oss håpe, for menneskeheita si skuld, at dei lukkast!

Dei siste fem åra har til saman fire usanarar fenge opphald i Noreg på humanitært grunnlag, melder NRK nyheiter. Litt ironisk å tenkje på når Edward Snowden sin asylsøknad formelt vart avslått av UDI!

I mens held dramatikken fram. Det er ikkje måte på kva som hender i kjølevatnet av den største avlyttingsskandala verda truleg har sett: Flyet til Bolivia sin president Evo Morales på veg heim frå Moskva vart tvunge til å lande i Austerrike tysdag kveld då andre land, spesielt Frankrike og Spania etter kva som er sagt frykta at varslaren Edward Snowden var om bord. Det viste seg ikkje å vera tilfelle etter at flyet vart gjennomsøkt og ingen varslar var å sjå. Kanskje politiet gløymde å undersøke toaletta eller cockpiten? Ein rasande utanriksminister David Choquehuanca fortalte at Frankrike, Portugal og Italia hadde sperra sine luftrom og at flyet måtte snu og fekk til slutt lande på flyplassen i Wien. Dette nekta landa for var tilfelle.

– Dette er eit spørsmål om å følgje internasjonale reglar for luftrommet, sa Evo Morales på ein improvisert pressekonferanse på flyplassen onsdag. Han sa vidare at den ecuadorianske presidenten Rafael Correa hadde ringt han to gonger for å diskutere om dei skulle trekke attende ambassadørar.

Bolivia sin visepresident, Alvaro Garcia Linera, sa at dei veit at reisa vart hindra av USAs styresmakter.
– USA er redd for ein landsens mann, ein innfødt, ærleg mann som vernar vårt land sin suverenitet, sa Linera.

Bolivia har bede om eit krisemøte med andre Sør-Amerikanske land for å diskutere handsaminga av den bolivianske presidenten. Ambassadøren deira til FN vil truleg ta det opp i verdsorganisasjonen og sa at Austerrike sin inspeksjon av flyet var brot på internasjonal lov.
Presidentflyet letta frå Wien onsdag og er på veg attende til Bolivia.

Spiontrillaren held fram på avsløringsplanet også. NRK meldte onsdag at ein skjult mikrofon er oppdaga i Ecuador sin ambassade i London, der WikiLeaks-grunnleggaren Julian Assange oppheld seg, hevdar Ricardo Patiño, utanriksministeren i Ecuador. Tilfeldig? Neppe! Opphavet til mikrofonen og eventuelt anna avlyttingsutstyr vert avslørt seinere onsdag på ein pressekonferanse. Patiño har ikkje kome med fleire detaljar utover å hevde at det dreier seg om «eit land». Javel, ein kan no tenkje sitt kvar og ein.

Utanriksministeren sa til journalistar tysdag at han ikkje trur at mikrofonen har noko å gjere med oppstyret rundt Edward Snowden, som blant anna har søkt om asyl i Ecuador.

– Det skal væra snakk om utstyr som kan fange opp lyd, altså samtalar. Men samstundes seier den ecuadorianske utanriksministeren at utstyret kan fange opp mykje anna type informasjon. Så me veit ikkje om det også er noko som kan trenge inn i datassystemer og gje elektronisk overvaking, seier utanriksmedarbeider i NRK, Hallvard Sandberg.

– Det naturlege er å tenkje på USA som har Assange som ein av sine hovudfiendar. Me veit at britisk etterretning absolutt er i stand til å gjere noko slikt, dei har kapasitet til å gjere det, og det er i London dette har hendt, understrekar Sandberg.

..følg med, følg med, spiontrillaren endar ikkje her..

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to «1984» av i dag!

  1. Tilbakeping: Congratulations Edward Snowden with The Bjørnson Prize from Norway! | Ivar Jørdre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s