Folket gjev seg ikkje i Brasil

Store protestar i Brasil, 17. juni 2013
Foto: CHRISTOPHE SIMON/Afp

Nye store demonstrasjonar har gått føre seg i fleire byar i Brasil dei siste dagane. Titusenvis av brasilianarar gjekk onsdag kveld 26. juni i gatene i protest mot korrupsjon og dårlege offentlege tenester. Dette til tross for at nasjonalforsamlinga har gjort vedtak for å innfri nokon av krava. Det er tydeleg at styresmaktene har kjend presset frå dei omfattande protestane og prøver å imøtegå dei. Onsdag vedtok Senatet strengare dommar for korrupsjon, men dei folkevalte avviste dagen før ei grunnlovsreform som ville ha avgrensa føderale styresmakter si makt til å etterforske kriminalitet. Andrekammeret i Kongressen gjorde onsdag på si side vedtak om at inntektene frå oljeproduksjonen skal gå til utdanning og offentleg helse, medan ein kongresskomité vedtok å redusere skatten på kollektivtransport, noko som vil gjere det lettare å kutte prisen på billettar. Det var protestane i São Paulo mot auka prisar i kollektivtransporten og som vart møtt særs valdeleg av politiet, som var starten på det heile for 3-4 veker sidan. Over ein million menneske gjekk ut i gatene i nærare 100 byar i Brasil torsdag 20. juni. Dette er landet sine største demonstrasjonar på meir enn to tiår. I Rio De Janeiro demonstrerte minst 300.000 menneske. I hovudstaden Brasilia samla titusenvis seg rundt Kongressbygget og Høgsterettsbygget i byen. Regjeringa gjorde eit forsøk på å halde kontroll på demonstrasjonane ved å sette inn den nasjonale sikkerheitsstyrken i fem byer, noko som fortel at styresmakta er ganske nervøs for tida. Presidenten avlyste ei planlagt reise til Japan og den veldige eskaleringa av demontrasjonane har truleg kome overraskande på styresmaktene.

President Dilma Rousseff la fram eit framlegg om ei folkerøysting for å bane vegen for ein grunnlovsreform, men ho trekte det like fort då det vart klart at politikarane ikkje godtok at presidenten omgår nasjonalforsamlinga for å endre grunnlova. Rousseff sa i byrjinga av protestane at ho tilkjenner dei unge sin rett til å demonstrere, og seier at fredelege demonstrasjonar er lovlege og ein demokratisk rett. Neste år er det val att i Brasil, og nyleg opplevde presidenten ein attendegang i oppslutninga. I følgje Sky News er det første gang sidan ho vart valt til president i 2010.

Om protestane etter kvart vil verte mindre og til slutt stanse før store endringar vert kunngjort frå regjering og president, vil næraste framtid vise, men førebels ser det ikkje slik ut. Ei ung kvinne, Bruna Romao frå São Paulo, trur ikkje presidenten sin tale har noko større å seie for protestane, og sa dette til france24.com: “Brazilians are passionate,” she said. “We boil over quickly but also cool down fast. But this time it’s different, people are in full revolt. I don’t see things calming down anytime soon.”

Her er eit lite sitat til frå det same oppslaget (Brazil’s Rousseff unveils reforms amid protests, france24): While Rousseff stayed away from the public eye for most of the week, Roberto Jaguaribe, the nation’s ambassador to Britain, told news channel CNN Friday the government was first trying to contain the protests. He labeled as “very delicate” the myriad demands emanating from protesters in the streets.

“One of our ministers who’s dealing with these issues of civil society said that it would be presumptuous on our part to think we know what’s taking place,” Jaguaribe said. “This is a very dynamic process. We’re trying to figure out what’s going on because who do we speak to, who are the leaders of the process?”
Marlise Matos, a political science professor at the Federal University of Minas Gerais, said before Rousseff spoke that the answer wasn’t good enough.

“The government has to respond, even if the agenda seems unclear and wide open,” she said. “It should be the president herself who should come out and provide a response. But I think the government is still making strategic calculations to decide how to respond. What I’d like to see as a response is a call for a referendum on political reform. Let the people decide what kind of political and electoral system we have.”

Social media and mass emails were buzzing with calls for a general strike next week. However, Brazil’s two largest nationwide unions, the Central Workers Union and the Union Force, said they knew nothing about such an action, though they do support the protests.

..oppdatering kjem, ..continues

Oppdatering (3.juli):

Brasils president Dilma Rousseff har øyremerka omlag 130 milliardar kroner til offentleg transport.

Det virkar som det nyttar å heve røysta og det kraftig, for det brasilianske folk. Etter mange veker med enorme folkemasser i gatene ser det ut for at noko vert gjort. Men er det nok?

I tillegg til øyremerking av midlar til offentleg transport har Roussef føreslått å halde ei folkerøysting ved neste val om politiske reformar. Men det er usikkert om ho får Nasjonalforsamlinga med på det.

Folk har vore svært misnøgd med at Brasil brukar milliardbeløp på å arrangera prøve-VM i fotball i sommar, i tillegg til sjølve fotball-VM neste år og sommar-OL i 2016. Folk meiner at pengane skulle vore prioritert annleis.

Populariteten til presidenten har formeleg ramla som ein stein sidan dei omfattande demonstrasjonane byrja for over tre veker siden. 57 prosent av spurde i ei meiningsmåling 6.-7. juni svarte at dei meinte Rousseff gjorde eit godt arbeid. Omlag ein månad seinare svarar berre 30 prosent det same, i følgje målinga frå Datafolha.
Prosentdelen som meinar Rousseff si regjering gjer eit dårleg eller elendig stykke arbeid, har auka frå 9 til 25 prosent i det same tidsrommet. I mars i år meinte 65 prosent at presidenten gjorde eit godt politisk arbeid.

Det er med dette klårare at Brasil sine styresmakter for allvor er inne i ei tillitskrise og at dei må finne på noko alvorleg nytt og revolusjonærande for landet, Men om slikt hender i Brasil som det har gjort i t.d. Venezuela, Ecuador og Bolivia med omfattande sosiale program og folkeleg deltaking på alle plan i samfunnet er nok usikkert, i alle fall med det første. Mykje meir statleg kontroll på økonomien er og viktig. Eit steg framover må vera meir samarbeid og integrering mellom styresmakter og det sivile samfunn. President Rousseff møtte nyleg leiarar frå 25 ungdomsorganisasjonar i eit forsøk på forsoning i hovedstaden Brasília. Det er meir enn dette som skal til for brasilianarane, så dei ventar nok rundt gatehjørnene klare til nye demonstrasjonar om ikkje ønskjene deira vert gjort noko med, snart.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s