Store protestar i Brasil

Brazil Woke Up!-June 2013-628x471
Foto: Eraldo Peres

Det er ingen som lenger kan seie at «verda» ikkje er i opprør utan samstundes å avsløra at ein ikkje følgjer skikkeleg med i kva som hender på det globale plan. Millionar av menneske demonstrerar på ulik vis i mange deler av verda mot eliten, makthavarar, statleg overgrep og økonomisk dårlege kår. I Tyrkia har det i tre veker vore store protestar i gater og på torg i dei fleste byar. Styresmakta og ordensmakta har svara med brutalitet og vald, som venta. Det er slik maktmisbruk eliten og kapitalen brukar for å slå ned på folkelege krav om ein annan politikk og demokratisk styring.

No er folket sin vrede komen til Brasil. Eit land som har hatt stor økonomisk vekst dei siste ti åra. Men vekst for kven? Det spør folk i Brasil seg om no. Fleire millionar har vorte mindre fattige, men fordeling og resursbruk har vore skeiv. Det er i Brasil som i dei andre sokalla økonomiske tigrane at ein viss del av middelklassen og politisk og økonomisk elite har fenge mest av vekstkaka. Slikt går ei stund, men så byrjar folk å misse tålmodet og protestar kjem. Dei siste par vekene har det vore mindre protestar i dei største byane, men det er først i dei siste dagane at det har teke verkeleg av. Det som starta med mindre markeringar mot auka transportprisar i São Paulo i førre veke, har spreidd seg med rekordfart til heile landet. Demonstrasjonane er vorte ein breid protest som einar mykje av det folk har vore misnøgd med dei siste åra.

Riot police detain a demonstrator near the Maracana Stadium in Rio de Janeiro
Foto: Luciana Whitaker, Reuters/Scanpix

Måndag 17. juni kom titusenvis ut i gatene i trettan byar, mellom anna Rio de Janeiro, São Paulo, Brasilia, Belém, Belo Horizonte og Salvador. Over 200.000 indignerte brasileiros deltok i det som er dei største masseprotestane i Brasil sidan militærdiktaturet sine siste dagar på midten av 1980-talet. Dei mindre protestane mot auka prisar i kollektivtransporten vart møtt særs valdeleg av politiet som brukte gummikuler, tåregass og brutal oppbanking med køller. Reaksjonane mot denne politivalden var gnisten som fekk mobiliseringa til å få slikt omfang. Dette fall saman med testturneringa, eit sokalla prøve-VM, eller Confedarations Cup, føre VM i fotball neste år. Frustrasjon over styresmakta sitt val om å pøsa inn enorme beløp i internasjonale idrettsarrangement som fotball-VM 2014 og OL i Rio i 2016, er sentrale i protestane.

Brasil kjem truleg til å bruke meir enn 25 milliarder offentlege kroner på stadionar til fotball-VM (like mykje som dei tre siste VM tilsaman). Landet slit samstundes med eit elendig utdanningssystem og store utfordringar i helsevesenet, i tillegg til at mange brasilianarar ikkje har fenge teke del i veksten på 2000-talet. – Mens dei fattige har hatt noko sosiale framsteg og dei rike har vorte rikare, har den øvre middelklassen, studentar, akademikarar og offentlege tilsette som tenar ein del meir enn minsteløn, i større grad stått på same staden, seier Brasil-kjennar Torkjell Leira til Klassekampen. Demonstrantane som no protesterar er i stor grad unge menneske og studentar. Også den fattige del av folket tek noko del i protestane. Leira meinar demonstrasjonane delvis også er ein konsekvens av aukande avstand mellom Brasils regjering og folket. – Mange reagerar på at regjeringen er vorte meir teknokratisk og mindre oppteke av dialog med folket. Dilma (presidenten) som person er også mindre imøtekomande med folk flest enn det Lula var, seier han. Det må her leggjast til at den delvis marknadsstyrte økonomiske politikken i Brasil har gjort at mange fell utanfor og mange nyrike dukkar opp. Samstundes med at den statlege kontrollen med økonomien og mangelen på den fører til dårlege offentlege ordningar innan helse, utdanning, offentleg transport og kultur. Mange tidlegare medlemmer i regjeringspartiet PT (Partido dos Trabalhadores) som har vore meir opptekne av dette har vorte «reinska» ut av partiet i dei seinare år. Difor har sosiale organisasjonar og studentar mykje færre allierte i regjeringa i dag. Mange av desse og fattigare brasilanarar søker no meir til parti som PPS (Partido Popular Socialista, tidl. Det brasilianske kommunistparti), PSB (Partido Socialista Brasileiro) og PSOL (Partido Socialismo e Liberdade). Dei siste åra har det vorte gjennomført fleire streikar og Dei jordlause si rørsle MST (Movimiento Sem Terra), der fattige bønder okkuperar jord, har mobilisert sterkare enn på lenge.

Dette er litt av det politiske landskapet i Brasil i dag, og for første gong på tiår ser det i augeblikket ut til at mange brasilianarar har vakna og vil vise si regjering at dei har makt og ikkje vil finne seg i alt av korrupsjon, mangel på fordeling og kjempesummar på prestisjeturneringar, lenger. Tysdag kveld (18. juni) gjekk omlag 50 000 mennesker på nytt i gatene i Brasils største by São Paulo, i sinne mot det dei kalla ei korrupt og ueffektiv regjering. Demonstrantane var godt organisert gjennom m.a. sosiale media og ein annan del av sinnet er på gapet mellom høge skatteinntekter, ein elendig infrastruktur og i staden bruk av fellesinntektene til megaprosjekter. Kva regjeringa og president Dilma Rousseff vil gjere med krava til demonstrantane må snart vise seg. Folket har dårleg tid og ventar ikkje lenger!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s