Brutalitet og arroganse frå Erdogan

Demonstrasjonane held fram i Istanbul, 18. juni 2013
Foto: STRINGER/TURKEY/Reuters

Sidan protestane mot styresmaktene i Tyrkia starta i slutten av mai, har hundretusenvis vore i gatene i Istanbul og mange andre byar. Dei har organisert seg og reine festival tilstander har det vore i sentrum av t.d. Istanbul. Men det er den andre sida av hendingane som har dominert nyhendebiletet. Nemleg den brutalitet og arroganse som regimet til statsminister Erdogan og ikkje minst politiet har vist. Gong på gong har det valdelege opprørspolitiet prøvd å reinske Gezi-parken og Taxim-plassen for demonstrantar, men dei har heldt stand trass fire drepne og rundt 7500 som er registrert som såra. Til slutt klarte valdsmonopolet å rasera teltleiren i Gezi-parken og jage demonstrantar vekk frå Taxim-plassen ved hjelp av bulldosarar, vasskanoner og tåregass. Denne brutaliteten gjorde dei største fagrørslene så forbanna at det på nytt vart mobilisert til generalstreik. Fem tyrkiske fagforeiningar, inkludert dei to mektigaste, ESK og DISK, gjekk saman med tre andre om arbeidsnedlegginga og streiken 17. juni mot politiet si brutale handsaming av demonstrerande landsmenn. Men dei streikande bør ikkje ein gong tenkje på å nærme seg Taxim-plassen, åtvara Istanbuls guvernør. Dette trossa fagrørsla likevel.

Det feiar ein ny politisk vind over Tyrkia. Mange kjenner ei enorm stoltheit over opprøret i Istanbul og forsvaret av Gezi-parken – og gjev uttrykk for det utan redsel. – Eg har ikkje opplevd maken på 25 år, seier politisk observatør Hugh Pope. Han er leiar for tenketanken International Crisis Group sitt Tyrkia-kontor og har følgt tyrkisk politikk i ei årrekkje. – Det har vore store demonstrasjonar, politiske demonstrasjonar og høglydte demonstrasjonar også tidligare. Men aldri har det vore så spontant som dette, sier Pope.

For seks dagar sidan protesterte advokatar i Ankara og Istanbul og marsjerte ut av rettssalane i samla flokk, til støtte for demonstrantane som same dag møtte statsministeren. Advokatane protesterte mot pågripinga av kollegaer i Istanbul kvelden før, i samband med at politiet bestemte seg for å rydde Taxim-plassen for demonstrantar. Advokatar vart både lagt i bakken og fekk påsett handjern. Advokatforeininga i Ankara meiner politiet si framferd er ei krenking av Tyrkias rettssystem. Dei kritiserar også politiet for den tøffe handsaminga som demonstrantane er vorte utsett for under protestane. Politiet har for kvar gong dei har grepe inn vorte kritisert for si harde framferd, og dette vert no granska av menneskerettsorganisasjonar.

Ein del av motstanden som kallar seg Taxim-solidaritet, der mange er arkitektar og miljøvernarar som slåss for Gezi-parken, sa gruppa på 11 personar som møtte Erdogan ikkje er representative og at det ikkje har vore noen kontakt mellom breidda av demonstrantar og dei aktuelle personane. Andre meinar at gruppa er handplukka av styresmaktene. Slik at det er ein viss splid i opprøret. Difor er det mange som tek til orde for ein meir klår leiing for demonstrantane. Som i liknande folkelege oppstandar er det etter ei tid alltid naudsynt med gode leiarar som kan samle motstanden og vera med å finne rett kurs og samhald. Når det er sagt så viser opprøret i Tyrkia at folk har vore forbausande sameinte i sine krav til regjeringa. Spørsmålet framover no vert om dei klarar å halde trykket oppe og ein meir felles front gjer seg gjeldande. Ein kan berr håpe at dei klarar det og at det tyrkiske folk får dei endringar dei krev. Mellom krava er – utanom at den planlagde utbygginga av Gezi-parken vert stoppa – at arresterte demonstrantar lauslatast og at politisjefar som har gove ordre om den hardhendte handsaminga, og som har fått så mykje kritikk, skal sparkast.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s