Det tyrkiske folk i opprør

turkey-mass-protest

Tyrkia er kanskje det neste landet der styresmaktene må vike for folkeleg opprør. Etter den sokalla «arabiske våren», der Tunisia, Egypt og Jemen kasta sine autoritære regimer i 2011, har det ikkje gått som mange der trudde og ville. «Moderate» islamistiske parti fekk makta og lova demokrati for alle. Men maktstrukturane frå før er mykje det same og lite har hendt i fordeling av økonomiske godar. I Egypt trivs regjeringspartiet Det muslimske brorskap godt i lag med dei militære, som driv på som før med sin store del i egyptisk økonomi. Maktmisbruk og korrupsjon er om lag det same og frustrasjonen blant folk aukar. No er turen komen til Tyrkia. Kva som vil hende der i næraste framtid veit ikkje dei vise ein gong. Men det har allereie utmerka seg nokre tendensar, noko eg skal kome attende til mot slutten.

Opprøret er i skrivande stund inne i sitt 8ande døger. Og det har spreidd seg til over 70 byar. Det byrja 28. mai i Istanbul i Gezi-parken rett ved den kjende Taxim-plassen. Der protesterte folk mot planane om bygging av eit kjøpesenter i den “grøne lunga”. Eit av mange slike kjøpesentre som har skote opp i det siste. Demonstrantane organiserte ein sitt ned aksjon i parken til vern for mange tre som skulle hoggast. Politiet svara med den kjende tyrkiske politibrutalitet, berre endå meir valdeleg. Dette førte til at protestane auka for så å endre karakter til masseprotestar mot heile styret til statsminister Recep Tayyip Erdogan. Han har førebels ikkje noko anna å svare protestane med enn å kalle demonstrantane for ekstremistar og terroristar. Etter at politiet i førstninga prøvde å «spyle» demonstrantane vekk med vasskanoner gjekk dei og regjeringa på sitt først nederlag. Politiet trekte seg attende frå parken og den tilhøyrande Taxim-plassen. Dette førte augeblikkeleg til at folk gjorde det om til eit festivalområde med titusenvis av menneske som okkuperte plassen.

Andre stader i Istanbul og i mange byar kjempar demonstrantar mot politiet som stadig angrip dei, store som små demonstrasjonar. Spontane protestar bryt ut over alt der folk samlast i sine eigne gater. Dei hamrar på kjelar, panner og bles i fløyter mens dei ropar på statsministeren sin avgang. Ingen politisk organisasjon har organisert dette. Etter fleire års stille og ulmande misnøye mot styresmaktene og no deira planar å øydelegge noko av Istanbul sitt hjarta, kokte det over, og situasjonen er masseprotestar over heile Tyrkia.

Styresmakta vart teken heilt på senga og ligg kanskje snart under senga. Mange har analysert uroa i Tyrkia som ei konflikt mellom sekulære og religiøse krefter. Erdogan si regjering har sitt utspring i partiet AKP, som har islamistiske røter. Regjeringa har nyleg både stramma inn abortlova og vedteke strengare reglar for alkoholsal. Noko som mange er sinte på og som grip rett inn i folk sine liv. Demonstrantane meiner regjeringa styrer samfunnet i ein meir konservativ retning, så eit av hovudkrava er at Erdogan må gå av. I tillegg til dette kom så vedtaket om å gjere om parken til eit gigantisk kjøpesenter. Det kom på toppen av ei rekkje andre upopulære utbyggingsvedtak.
I følgje Klassekampen viser magasinet Foreign Policy m.a. til ein plan om å bygge ei ny gigantisk og stygg bru over Det gyldne horn, ei sidegrein av Bosporos-sundet som deler den europeiske delen av Istanbul i to. Den nye brua skal erstatte den tradisjonsrike Galata-brua, eit gamalt, arkitektonisk landemerke, noko som vil endre byen sin profil. Nybrua er prestisjeprosjektet til Istanbul sin ordførar og har teikna ho sjølv. Han er ein nær alliert av Erdogan. Erdogan har også varsla bygging av ei tredje bru over Bosporos, og ein ny flyplass i Istanbul som vil øydelegge eit anna av byen sine grøntområder og vil føre til felling av 300.000 tre. Brua skal kallast opp etter ein av dei mest omstridde ottomanske sultanane, Yavuz Sultan Selim, som m.a. er kjent for å ha gove ordre til massedrap på titusenvis av alevier (ei sjiamuslimsk grein, Tyrkia si største religiøse minoritet) på sein 1400-tal.

Einar Wigen, Tyrkia-kjennar og stipendiat ved Universitetet i Oslo, meiner Erdogan og hans allierte turar fram som dei vil, gjev kontraktar til vener og allierte og har liten respekt for byen sin tradisjonsrike profil. Det er noko av grunnen til sinnet hjå demonstrantane, seier han. Men det er meir enn dette, nemleg eit klasseperspektiv. Dette trur eg er ein hovudtendens som no manifesterar seg i opprøret. Den økonomiske krisa som ramma Tyrkia i 2001, der Det internasjonale pengefondet (IMF) kom inn med hjelp og krav om kuttpolitikk og budsjettdisiplin, øydelagde det vesle som var av velferdsstat. Denne kuttpolitikken ramma mykje av den sekulære, utdanna middelklassen hardast, og veldig mange av dei tapte sparepengane sine og mista arbeid. Tyrkia overlevde krisa grunna IMF-hjelpa, og i dag går Tyrkia sin økonomi for fullt. Men mange klagar på at det berre er regjeringa sine støttespelarar som nyt godt av dette. For å klare seg bra og klatre oppover i Tyrkia i dag må ein ha dei rette nettverka og være passe religiøs truande. Denne utdanna, sekulære middelklassen har tidlegare hatt bra levekår og vore vane med at eliten deira har styrt Tyrkia eller landet har vorte styrt til deira førdel. Dei er enno ikkje heilt fattige, men går attende i staden for framover, ei systematisk deklassering. Det er mange unge frå dette laget av folket som no er ute i gatene. Saman med desse og marginaliserte grupper som kurdarar, er også den radikale venstresida med ute i gatene. M.a. er det Revolusjonære sosialistiske arbeidarparti (DSIP) og det Tyrkiske kommunistparti (TKP), som har godt skolert ideologiske folk og er gode til å organisera.

Ein annan tendens og bakgrunn for opprøret har med imperialisme og USA si innblanding i regionen å gjere. Mens Taxim-plassen og Gezi-parken sine protestar var gnisten til starten på dette opprøret, har grunnane til den sosiale eksplosjonen bygd seg opp i dei seinare åra. Meiningsmålingar den seinare tid viser at eit stort fleirtal av folket er motstandarar til regjeringa si rolle i den imperialistleia krigen mot regimet i Syria og mange er sinte på den vedvarande usanske politikken med to viktige basar i Tyrkia. Det er stor motstand mot Erdogan sitt parti AKP si samarbeidsline med USA. I tillegg kjem regimet sine restriksjonar på sosiale rettar med fengslingar av fleire hundre journalistar og forfattarar som resultat dei siste åra. Det er også stor frustrasjon at landet flyttar seg stadig lenger vekk frå sin nærare hundreårige sekulære tradisjon. Alt dette og meir til er viktig å vite for å forstå bakgrunnen til masseprotestane som no går føre seg i Tyrkia. Dette har tydelegvis overraska ei heil verd, som det har gjort med liknande opprør mange gonger før. Ikkje noko nytt under sola i så måte. Men det er då desto viktigare å sjå på realitetane, at det er folket som nok ein gong kan og vil endre historia.
(oppdatering følgjer..)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s