Klimaet, kapitalismen og menneska

I april i år sette arten «mennesket» ein rekord, ein svert farleg rekord!

Frå den internasjonale romstasjonen ISS og kurve over CO2-nivået i atmosfæren
Frå den internasjonale romstasjonen ISS og kurve over CO2-nivået i atmosfæren. Foto: Chris Hardfield ISS / keelingcurve.ucsd.edu

For første gong i menneskeheita si historie er det over 400 ppm (deler karbondioksid pr. million) CO2 i atmosfæren. Saman med metangass (metangass er av dei farlegaste klimagassane og 22 gonger meir effektiv enn CO2) og vassdamp bremser CO2 varmestrålinga frå kloden vår og ut i rommet att. Hadde det ikkje vore for desse «drivhusgassane» ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore ca. 33 grader lågare. Men no går det andre vegen! Målet om å halde den globale temperaturstiginga på om lag 2 grader er me allereie på veg vekk frå. I følgje det tyske Potsdam-instituttet for klimainnverknad kan me gå mot ei auke på 4 grader innan 2060. FN sitt klimapanel har sagt noko liknande i sine rapportar. Potsdam-instituttet skriv i sin nye rapport m.a. at det er usikkert om verda kan tilpasse seg ei 4 graders auke. Nyleg kom det også fram at sommarisen i Arktis smeltar fortare enn venta og havområdet kan allereie verte isfri allereie i 2015. Dette er 85 år tidlegare enn det FN sitt klimapanel rekna ut i 2007!

Fram til rundt 1850 var innhaldet av CO2 i atmosfæren relativt konstant. Då byrja me å ta i bruk kol, olje og gass som energikjelder, og CO2-innhaldet auka valdsamt. Kol, olje og gass inneheld som kjent CO2 som plantar og dyr henta ut av lufta gjennom millionar av år. No slepp me mykje av denne CO2’en ut att i løpet av veldig kort tid. Under klimatoppmøtet i Kyoto i 1997 plikta dei rikaste landa i verda seg til å redusera CO2-utsleppa. Som men no veit har dette vore ein kjempefiasko, utsleppa stig år for år. Klimatoppmøtet i København i desember 2009 vart ein like stor fiasko, om ikkje større. Der vart ikkje noko bindande avtalar vedteke i det heile teke! Klimaforhandlingane i Doha i Qatar i desember 2012 vart heller ingenting å skrive heim om, for å seie det mildt! Dei høgaste utsleppa kjem i dag frå økonomistigande land som Kina, India, Brasil og Indonesia (dei to sistnemnde landa har sine største utslepp som følje av stor regnskogshogst, om lag 20 prosent av verdas klimagassar kjem frå hogging av regnskog). Likevel er det Vesten og spesielt USA som har dei desidert høgaste utsleppa. Mens Noreg har no den tvilsame æra av å ha Vesten sin største utsleppsvekst.

Flooding in Jakarta, Jan.2013_2017522_free
Flom i Jakarta, Indonesia, jan. 2013, foto Scanpix

Aldri før i menneskeheita si historie har CO2-innhaldet i atmosfæren vore så høgt som no. At me passerar 400 ppm er eit viktig og særs alvorleg symbol. Gjennom dei siste 800 000 åra har CO2-innhaldet variert mellom 200 ppm under istidene, og 300 ppm mellom istidene. Djupt nede i isen i Antarktis er det 800.000 år gamle luftbobler. Forskarane har teke opp prøver av isen, og målt CO2-innhaldet i desse boblene. Det moderne mennesket utvikla seg i Afrika for rundt 200.000 år sidan, og vandra inn i Europa og Asia for rundt 125.000 år sidan. For 12.000 år sidan byrja me å dyrke jorda. I heile denne perioden har CO2-innhaldet vore stabilt. CO2-innhaldet byrja først å stige mot slutten av 1800-talet, då me for alvor byrja å brenne kol og olje. Sidan 1950 har kurva gått rett til værs. Me som lever no er dei første menneska som pustar luft med eit CO2-innhald på 400 ppm. For å forstå kvifor menneska gjer så lite for å stanse denne utviklinga må me m.a. sjå på produksjonskreftene og framandgjering i kapitalismen, og relatera det til klimaproblematikken.

Flooding in Jakarta, Jan.2013_2017372_free
Flom i Jakarta, Indonesia, jan. 2013, foto Scanpix

Produktivkrefter, framandgjering og klima

Produktivkreftene sin ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at “Den kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.” Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med gjevne mellomrom. Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie.

Slike kriser i det kapitalistiske system er noko også kapitalistane reknar med, men dei prøver å korte ned nedgangstida så mykje som mogleg. Det er då kapitalismen visar at dei er eit system samansett av ulike aktørar med kryssande tilhøve til kvarandre, som er avsondra med “verda” utanfor. Der folkefleirtalet si deltaking som produsentar på brei front nok ein gong vil trå til på kapitalen sin premissar utan å endre systemet. Utfordringa vert likevel å hindre at ei krise vert eit springbrett til at arbeidarane kan få mange med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om kapitalen sitt kart stemmer med det globale terrenget. Karl Marx si tese om framandgjeringa av arbeidaren som produsent kan her hjelpe oss med å forstå dette. I Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 189-208, skriv han: “Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser – eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse.”

Lat oss prøve ein analogi frå framandgjeringa i produksjonstilhøva i kapitalismen til framandgjering i klimaproblematikken. At vårt dominerande (med få alternative unntak) globale produksjons- og økonomiske system har innverknad på notida sitt klima og den globale oppvarming, er det snart «1 prosent» av menneskeheita som ikkje ser eller vil sjå. Det er stort sett denne litt symbolske, men reelle eine prosenten av menneska som både fornektar og gjev stort sett faen i klimaet for evig og inntil døden. Desse er dei som kontrollerar og eig det meste av verda sine produksjonsmiddel og økonomi. I tillegg er det nokon av oss «vanlege» som også fornektar at noko som helst av vår globale oppførsel har å gjere med klimakaoset som snart kjem for alvor. Men om det er slik at mesteparten av oss verkeleg veit kva som hender med klimaet og vår innflyting på det (om me vert gjort oppmerksame på det og har kunnskap nok)., kvifor handlar me ikkje? Det er berre «ein promille» av oss som protesterar på eit eller anna vis. Det er då framandgjeringa kjem inn! Ser me på det Marx skriv at arbeidaren søkk ned til å verte ei vare i produksjonsprosessen, så kan me seie at i klimaproblematikken søkk me ned til å verte ei brikke. Ei brikke som ikkje trur at det kan gjerast noko i høve vår eigen åtferd, i høve det å agera mot systemet og våre eigne makthavarar. Eller at me ikkje vil vite, eller har det materielt for godt, eller begge deler. Dette gjeld mest for oss i vesten, men også blant rike folk i sør. Dei 2-3 milliardar som lever i håplaus fattigdom er framandgjorte på ein annan måte. Dels ved at dei ikkje har tilgong på informasjon om årsakstilhøve, dels ved at fattigdom krev heilt andre prioriteringar, ved at dei vert haldne nede av maka, osb. På tross av dette ser me ein stigande protestkurve hjå folk i sør etter kvart som klimakrisa og ekstremvær råkar dei hardare for kvart år som går. Mykje hardare enn oss som bur på den nordlege halvkule, i alle fall inntil me får det verre også, og det nærmar seg. Då kjem me attende til oss i vesten og vår eigen framandgjering. Ein vesentleg del av vår framandgjering er i prosessen i å selja vår eigen arbeidskraft og i at kapitalkreftene vil viske ut skilnaden på utbytar og utbytt, eller med andre ord, at det finns klassar. Då er det betre å få oss til lydige og aukande konsumdyr. Som konsumentar vert me i vår åtferd også meir og meir oppteken av materielle ting og kan greitt nok, om det er slik me vil, reise ut av «handlinga si verd» og inn i «inkjesæla si verd». Ein slik tilstand er det beste som hender for kapitalistane og makta. Då veit dei kvar dei har oss, og kan drive «business as usual». Her kan det leggast til: Framandgjeringa vert systematisk, og vegen til også å la vera å tenkje på sine økonomiske og økologiske fotavtrykk vert kort!

Det er desse framandgjorte lenkene me lyt frigjere oss frå om me skal endre oss nok til at utviklinga mot «klimakollaps» skal snu. Og snur tilstrekkeleg mange av oss, så må makta snu også! Makthavarane og kapitalen må stillast til ansvar og folket må gjere det, dei gjer det absolutt ikkje sjølve!

Kjelder:
Potsdam Institute for Climate Impact Research (PIK), http://www.pik-potsdam.de
FN’s klimapanel (IPCC), http://www.ipcc.ch
http://www.storm.no/
http://www.globalis.no/Tema/Miljoe-og-klima/Rapporter-fra-FNs-klimapanel-IPCC
Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, Falken forlag, 1991
http://home.online.no/~tervalen/Kapitalismen%20som%20religion.htm
http://home.online.no/~tervalen/religfre.htm

..les meir på Gjesteside, read more under “Gjesteside”, from the Potsdam Institute for Climate Impact Research and about UN’s Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Klimaet, kapitalismen og menneska

  1. Tilbakeping: UN Climate Report – Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) sparks controversy (again) – but what’s the climate skeptics and Global warming denialists agenda? | Ivar Jørdre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s