1.mai—verdas kampdag!

Ei global rørsle av mange ulike organisasjonar og parti som arbeidar for rettferd, demokrati, fred og ikkje minst endring av det kapitalistiske økonomiske systemet, samlast på denne dag. Samstundes som 1. mai set søkeljoset på og konkret kritiserar dei globale politiske og økonomiske maktstrukturane av i dag, tek 1. mai med seg si stolte historie med arbeidarrørsla og andre sin kamp for universell rettferd og likeverd for alle, utan utbyting og diskriminering. Imperialisme med USA i spissen, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdas handelsorganisasjon (WTO), økonomiske frihandelsblokker som EU, dei store multinasjonale selskapa, er sjølvsagte fokuspunkt. Saman med kameratar skal me framleis kjempe fram dagen som ein arena for aksjonisme og endring!

Første-mai-rørsla i Noreg vil ha ein ny politikk for Oljefondet, kjempe mot EU sitt tenestedirektiv, folkerøysting om EØS-medlemskap, kamp mot sosial dumping, stoppe pensjonsreforma, for likeløn og mot privatisering av offentleg sektor, mellom mykje anna.

Den globale økonomi er i alvorleg krise, den alvorlegaste sidan den store resesjonen på 1930-talet. Kapitalismen skakar i sine nyliberalistiske organ. Organ bygd på den totale frihandel og spekulative luftslott. Elektroniske tal svirrar forbi i ein global runddans og i ein fatal fart menneska ikkje før har sett. Den materielle faktor i form av konkrete varer er erstatta av pengetigrar i “cyberspace” og på børsar. Så byrjar galskapen å stoppe opp. Dei milliardar, fantasilliardar som finns på datamaskina og i hovuda på verdas børsmagnatar får seg eit sjokk. Kursar rasar og gallaktiske pengesummar vart borte i 2008-9 som ved eit gigantisk “knips”, rett inn i eit svart hol. Attende står kapitalistane og klør seg i hovudet, men forstår godt kva følgjene vert for verdas folk.

Den finansielle økonomiske krise og nedgang som starta i USA har indirekte slått inn på den globale realøkonomi, då også prisar på basisvarer som mais, ris og korn, i tillegg til skyhøge prisar på matvarer i sør. Dei sentrale årsaker til dette er høge oljeprisar, stadig meir landjord brukt til produkt for biodiesel, vesten som spekulerar i sine matvarelagre for å halde oppe prisane, klimaendringar i form av ekstremvær og nedgang i dyrkbare areal grunna overproduksjon i vest og i Kina, utbygging i stor stil i t.d. Kina, osb. At ting heng saman i ein tett samanvevd liberalistisk verdsøkonomi er tydeleg, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå det med vårt vestlege “lette og velfødde” blikk. Men ser ein etter, får ein sjå kva veldige konsekvensar dette får for millionar og milliardar av menneske.

Kontrastane til dette er uverkelege, to eksempel: den amerikanske sentralbanken garanterte 30 milliardar dollar for å redde den enorme investeringsbanken Bear Stearns frå konkurs i 2008, og Irak-krigen har kosta eit beløp ingen skjønar (25 000 milliardar kroner!!). Den nyliberalistiske verdsorden skrik mot oss med sin totale fiasko i fordeling av verdas ressursar. Kapitalen og den såkalla frie marknaden, dominert av gigantiske monopolistar, distribuerar mat der fortenesta til ei kvar tid er. Ei handfull ”gigantar” dominerar kornmarknaden, mens i underkant av ti storselskap har kontroll av verdas frøomsetting. Endå ei undergraving av lokal matproduksjon til eige folk. Ja, rett og slett nykolonialisme og trakassering av folk sin sjølvråderett.

Det finns alternativ til den frie marknad og profittjaget: I dei nye økonomiane i Sør-Amerika. T.d. Venezuela: har ein gjennomført tiltak for oppretting av sosialistiske former for produksjon og distribusjon av mat. Dette for å oppnå ei høgare grad av sjølvforsyning av jordbruksprodukt og mottiltak mot marknaden sitt råkøyr. Avdøde president Hugo Chavéz har sjølv uttalt at ein har: “pulverisert heile kapitalismen si utbytingskjede”, med dette. Millionar av folk har fått eit betre liv gjennom endringsprosessane som president Hugo Chávez og regjeringa har gjennomført dei siste tolv år. Den høgaste minsteløn i heile Latin-Amerika og sterke arbeidsrettar, er begge faktorar som gjer folk meir nøgde. Helse, utdanning, fattigdomskamp og mat til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga. Noko som ikkje kan samanliknast med nivået for tolv år sidan. Majoriteten var då råfattige og mangla alt, og eliten hadde makta og alle endar. Det er ei folkeleg deltaking som ligg bak mykje av det landet har oppnådd til no. Den nye president Nicolas Madura har mykje arbeid framfor seg, men endringsprosessane vil halde fram som eit alternativ til verdas nyliberalisme.

Korrupsjon, skatteparadis og kvitvasking av pengar, går hand i hand med krig og konflikt. Fattigdom og undertrykking er deira barn. Den såkalla ”fredsnasjonen” Noreg har lenge vore djupt inne i krigen og okkupasjonen av Afghanistan, var den flinkaste «bombaren» i krigen i Libya og støtta den franske intervensjonen i Mali. I det norske folk, som i alle NATO-land, er det stor skepsis mot denne politikken. Og det er gode grunnar til det! Tilhøva vert ikkje betre, i landa ein invaderar, men Verre! Fattigdomen aukar og er desperat, kvinner like marginalisert som før, menneske vert drepne av NATO sine soldatar og dronar, og dei allierar seg med grusame krigsherrar og islamistar. OG, så kallar dei seg “freedom fighters” – høyrt slikt skitsnakk! “The white man`s burden” og alt det der. Det er ei skam at ei raud-grøn regjering er med på denne løgna. Det finnes ingen militær løysing! Alle utanlandske soldatar ut av Afghanistan no! Det katastrofale og vanvitige overgrepet mot Irak er ei påminning om imperialismen sitt vesen.

Dette er den type verd me må halde oss til i tida framover. Mot dei globale maktstrukturane si urettferd, medvite skeivfordeling av godane og maksimale profittjakt, står den globale sosiale rørsla. Blant andre politiske reaksjonar kjempar denne sosialpolitiske familien med fagrørsler, solidaritetsorganisasjonar og politiske parti, saman for endring.

EI ANNA VERD ER IKKJE BERRE MOGLEG, HO ER HEILT NØDVENDIG!
Gratulerar med 1. mai!

Revolusjon_1197

Det raude flagg

Det raude flagg
veiar over folket sin kamp
i vinden for ei anna verd

Ein sivilisasjon
med rettferd, solidaritet
og håp for komande tider

Til denne vår jord
i dette univers mot fridom
skal dei raude fanar svinge

Dei må svinge med styrke
for at me skal vakne
frå søvnen, likesæle og avmakt

Gje oss dei raude fanar
og me skal gripe med lengsel
det raude flagg av endring!

Me snakkar om revolusjon

Arbeidarar i denne verd, forein dykk
forein dykk til motstand

I flokk og styrke kjemp attende
røva rettar gjort av gråe gribbar

I morgondagens raude ljos
rettar me ryggen med våre fanar

Med sigd og spade hamrast framtida
fri frå kapitalens åk

Med stolte vise krav stig me fram
til klassefrie opne landskap

Arbeidarar på denne jord, forein dykk
forein dykk til kamp

Me snakkar om ein revolusjon!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Èitt svar til 1.mai—verdas kampdag!

  1. Da har jeg delt på facebook:-) Kjempebra – diktene inspirerte godt på Rødt-frokosten, tenker jeg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s