Imperialismen sin meistar USA – vil herske i Asia

Nok ei gong er imperialismen sine larveføter på tokt i Asia, denne gongen er det for endå ei gong å støtte sin ven og våpendragar i Korea-krigen, som varte frå juni 1950 til juli 1953. USA har brukt og brukar framleis enorme summar på å halde oppe sitt forsøk på hegemoni i regionen. Grunnane til det er fleire. Den største grunnen til det er Kina. Ein annan grunn er at eit foreina Korea ville tyde slutten på dei usanske basane og det vil ikkje Pentagon tillate, skriv Pål Steigan på bloggen sin. Ein tredje grunn som er lite nemnt, men som eg meinar kan ha relevans, er dei rike førekomstar av mineralar i nord. Slik at om USA hadde fått «kontroll» over eit samla Korea, så hadde ikkje berre ein viktig buffer mot Kina danna seg, men kontroll over viktige resursar for usanske selskap og økonomi. Så eit foreina Korea som industriell gigant ville ikkje naudsynt verte ein som ville ta ytterlegare marknadsdelar frå usansk industri, slik Steigan skriv. Det kjem heilt an på kven som kontrollerar eller eig eit lands industri og økonomi. Dette kallast økonomisk imperialisme. Karl Marx og Friedrich Engels skriv i Det kommunistiske manifest at kapitalismen ekspanderte og den omfatta ein stadig større del av heile samfunnets arbeid og produksjon. Kapitalens ekspansjon kunne være lokal, eller global som ved imperialisme. Noko som også gjeld i aller høgaste grad i vår tids globale kapitalisme.

Det er nok å ta av dømer på USA sin rolle og geopolitiske interesser i Asia. Som i resten av Verda, men opptrapping av nærveret har vore ekstra stor dei siste åra, m.a. i Asia. Historisk sett etter 2. verdskrigen er Korea-krigen det første aggressive og anti-kommunistiske dømet, så kjem Vietnam-krigen sin bestialitet og råskap, som ikkje treng nærare utdjuping her. Eit grotesk døme til som diverre ikkje er så godt kjent er det CIA-støtta kuppet i Indonesia i 1965. Der Suharto tok makta frå den folkevalte og folkelege president Sukarno. I åra 1965-66 gjennomførte regimet med god hjelp frå dødsskvadronar ei utrensking av kommunistar og påståtte sympatisørar. Truleg rundt 1 million vart slakta i vanvitige likvideringar overalt!

Kina vert meir og meir farleg for USA strategisk og økonomisk. Japan kranglar med Kina om nokre mikroøyar i Sør-Kinahavet, men som har olje utanfor seg. USA støttar sjølvsagt Japan og Kina støttar seg sjølv! USA ønskjer å sikre fritt leide for den amerikanske handelsflåten i Sør-Kinahavet. Det er den økonomiske delen, så kjem naturlegvis den militære delen. I dei siste månader har den ny-gamle spenninga på Korea-halvøya skote seg til værs att. Bokstaveleg tala, i og med den tredje atomprøvesprenging nyleg av den nye unge nord-koreanske leiaren Kim Jung-un. Sant å seie er det ikkje rart spenninga aukar når ein tek med i rekneskapet at USA har 25 000 soldatar i Sør-Korea, provoserar med sine svære militærøvingar saman med «venen», og at på til flyg temmeleg nært grensa med sine B-52 bombefly. I tillegg dei USA- og EU- regisserte FN-sanksjonane og boikotten av Nord-Korea. Dette rekneskapet er ikkje i balanse, ikkje i det heile teke! Det er Nord-Korea som er på minussida, sjølv om dei har våpen å true med.

Den einaste gongen det er fungerande atomvåpen (Nord-Korea har enno ikkje teknologi nok til å lage eit atomstridshovud til ein rakett eller har fungerande bomber) på Korea-halvøya er under dei årlege felles øvingane mellom USA og Sør-Korea, med ein del Nato-land og andre USA-allierte om bord. USA har under årets manøvrar for første gong brukt både B-2 Spirit, F-22 Raptor og B-52 bombefly samtidig i Korea, skreiv Peter M. Johansen i Klassekampen nyleg. Mens kritikken av USA berre har vore mellom linjene i uttalingane frå Kina, har Russland vore meir direkte i sin kritikk av USAs opptrapping av flyaktiviteten og simuleringa av angrep som Pyongyang leser som førebuingar til regimeskifte. Utanriksminister Sergej Lavrov – som forsvarar FN-sanksjonane som «adekvate kollektive reaksjonar» – reknar det som «einsidige handlingar rundt Nord-Korea som berre aukar den militære aktiviteten».

USA konsentrerar si politiske oppmerksemd og militære styrke om dei kinesiske nærområda. USAnarane har enorm trong for resursar for å prøve å oppretthalde det høgaste forbruket pr. capita i verda (sjølv om fattigdomen aukar dramatisk i USA), og då er prioriteringa av Aust-Asia en naturleg konsekvens. Det militære samarbeidet med Japan er tettare enn nokon gong, og fellesøvingar med Japan og Sør-Korea har også involvert India, som har sine eigne interesser i å demme opp for Kina. Etter den mislykka nordkoreanske rakettoppskytinga i april 2012 vart det argument for å skunde på utviklinga av eit felles rakettforsvar med Japan, Sør-Korea og Australia. Desse planane trugar ikkje berre den kinesiske gjengjeldingsevna, men også dei russiske land og dei sjøbaserte rakettstyrkane i det fjerne Austen, skriv Sverre Lodgaard, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

USA er ei av verdshistorias største imperium. Det kvilar på økonomiske, teknologiske og politiske pilarar, og på 800–900 baser og militære støttepunkter rundt om i verda, skriv Lodgaard på Nye Meninger.no (Dagsavisen). I det usanske som i det britiske imperiet er det land nummer to – det landet som ligg nærast opptil verdsmakta i det globale makthierarkiet og som kan utfordre ho – som er problemet og eventuelt fienden. Her vil eg legge til at fiendskapen til konkurrerande eller ikkje-samarbeidsviljuge resursland uansett storleik, alltid har vore grunnfesta i det politiske og militær-industrielle kompleks, og i etterretninga i dette imperiet. Difor også tittelen på denne artikkelen: «Imperialismen sin meistar USA». Land nummer to er sjølvsagt Kina, som med sin enorme vekst gjennom 30 år pustar USA i nakken. Kina går tilbake til framtida, til dei hundrevis av år kor Midtens Rike var det udiskutabelt mektigaste. No må Kina vekse raskare enn andre, og mange kinesarar finn det naturleg. I historias ljos er dette skjebne for dei, skriv Lodgaard. I den nye multisentriske verda skapar maktene kvar sine regionale kraftfelt. Også India, og mellomstore statar som Brasil, Tyrkia og Sør-Afrika. Kina har lagt stor vekt på harmoniske (harmoni med tvang! min mrk.) omgjevnader som føresetnad for sin økonomiske utvikling, men vert no utfordra av motmakt frå USA som ser ein kinesisk maktkurve som vil krysse deira eigen om den får halde fram. Meir enn noko anna er det dette dagens og morgondagens geopolitikk vil dreie seg om, avsluttar Sverre Lodgaard. Og ein kan legge til: Dagens og morgondagens imperialisme!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Imperialismen sin meistar USA – vil herske i Asia

  1. I’ve read a few good stuff here. Certainly price bookmarking for
    revisiting. I wonder how so much attempt you place to create this type of excellent informative website.

    • ivarjordre seier:

      I am glad you find some stuff you liked. Thanks!
      Yes, I use a quite lot of time trying to make my blog as informative and political as possible.
      To stay informed, updated and activistic, one need a steady approach in diving after facts one not necessarily finds in main stream media. On the contrary!

  2. Does your website have a contact page? I’m having problems locating it but, I’d like to shoot you an e-mail.

    I’ve got some creative ideas for your blog you might be interested
    in hearing. Either way, great website and I look forward to
    seeing it expand over time.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s