Folkemordet i Indonesia 1965-66

Dei menneskelege tragediar – Folkemord i verda

Det har vore store tapstal i mange krigar og storpolitiske handlingar i nyare tid. Nokre døme: Folkemordet i Indonesia av Suharto-regimet med hjelp av CIA 1965-67: opp mot 2 millionar, Vietnamkrigen 1963-75: omlag 2,5 millionar, Pol Pot- regimet i Kambodsja 1975-78: omlag 1 million, dei to Irak-krigane 1991 og 2003—10?: mellom 500 000 og 1 million, 
handelsboikotten av Irak 1993-2003: kanskje opp mot 1 million (døydde som
 indirekte følgje av mangel på medisinar og mat, mange var barn). Intervensjonane i Afghanistan (krigen byrja i 2001 og er enno ikkje avslutta) og Libya (2011) må også med her sjølv om talet på drepne er langt mindre enn i dei andre døma.
Storpolitiske spel (også med FN som aktør i fleire av døma, eller sett på sidelina av USA) gjorde det mogeleg å gjennomføre ein så brutal imperialisme utført av vestmaktene.

Me menneske gløymer svært fort, noko makthavarar også ønskjer me skal gjere,
i alle fall i høve til krigar dei har starta. Dette utgjer ei framandgjering av vårt minne og vår rolle som motstandarar av kapitalistisk imperialisme i verda. Lat det då vere mogleg å hugse dei millionar som har døydd i maktmenneske sine hender med sjølvsentrert og destruktiv storpolitikk. Dei fortener ikkje å verte gløymde desse mange millionar drepne av attrå etter resursar og konspirasjonsteoriar om faren for verdskommunisme, o.l. Det må alltid storprotestar og store oppvakningar til før «storfolk» snur hovudet i frykt!

Suharto, CIA og den brutale historia



Når ein skal prøve å skrive noko om Indonesia og dei 32 åra (1966-1998) den avdøde diktator Suharto (død 2008 utan å verte dømt for sine brotsverk) sat med makta er det mange ord som rører seg i tankane: Statskupp i 1965 (der USA og CIA hjelpte til), nedslakting av kanskje opp mot 2 millionar menneske (alle var påstått å vera kommunistsympatisørar), «raude elvar» (javanesarar minnest elvar raude av blod, noko eg sjølv har fått fortalt av kjente på Java), invasjonen av Aust-Timor i 1975 (der Suharto på nytt fekk hjelp og godkjenning av USA og CIA), 200 000 drepne dei første åra av invasjonen, drap, tortur, forsvinningar; meir drap, tortur og forsvinningar, og storstilt korrupsjon.

Kva er det som hender med ei verd som gløymer desse orda? Ord som i praksis er forferdelege, som har tusenvis på tusenvis av menneskelagnader i seg, som har massevis av blod på seg. Ja, kva gjer
det med oss når me gløymer eller ikkje vil vete noko om denne historia? Svara er truleg mange, men me alle treng å reflektere litt over dette av og til. Skal me take vare å noko av vår menneskelege verdigheit, må slike døme på historie ikkje gløymast!

Sjølvsagt prøver politiske og menneskerettsorganisasjonar å få fakta fram om dette eg skriv om, noko eg vil kalle «Suharto-tida med vesten si velsigning». Denne tida vert ikkje heilt borte i historia si»søppelkvern». Men kva skal ein seie til at omgrep som «kontroversiell» vert brukt når vestlege leiarar føler seg tvungne til å uttale seg om Suharto si tid? Når slike vage ord vert brukt om ein
slik blodig diktator og han vert rosa for sin økonomiske politikk, er det ikkje utan grunn.

Suharto var vesten sin mann til rett tid! Og slikt gløymer ein ikkje! Det norske folk har truleg gløymt at også vårt land har legitimert regimet: Det hende når Gro Harlem Bruntland med halve næringslivet på slep vitja Indonesia i 1995, og skrytte fælt av kor stabilt og viktig for freden landet var. Men, den blodige fascistiske diktator vert IKKJE gløymt av indonesarane.
Det har eg mange vitneprov på etter mine mange opphald i øyriket. Difor er det grunnleggande frekt når noverande president Susilo Bambang Yudhoyono kunngjorde sju dagars landesorg etter «slaktaren» sin død. Men dette visar også at framleis hyllar skremmande mange diktatoren og drapsfolka som stod bak folkemordet.

Indonesia sine verste torturister og drapsfolk filmatiserte sitt eige folkemord

Joshua Oppenheimer har med den dansk-norske dokumentaren «The Act of Killing», klart å få
torturistar og massemordarar frå folkemordet i Indonesia i 1965 og 1966til å stille villig opp framfor kamera for å skryte av og vise fram sine verste udådar. Men ikkje nok med det. Nei, dei sjølverklærte bandittane til og med attskapar sin eigen galskap frå den gongen som om det var scener frå amerikanske B-filmar, med det mål å sette filmen opp på indonesisk kino.

-Indonesia har aldri teke noko oppgjer med folkemordet. Tvert om vert drapsmenna framleis feira i deler av samfunnet som heltar for det dei gjorde. Dette går helt til topps i det korrupte regimet. Ja, det er ein stat som er bygd opp på eit fjell av lik, fortel regissøren Oppenheimer frå Texas som no er busett i Danmark i et intervju med Aftenposten.no. Nesten 50 år etter at opp mot to millionar kommunistar og påståtte sympatisørar vart systematisk reinska ut i Indonesia, har Oppenheimers film kome som ei bombe, og endeleg opna opp for debatt i landet om dei uhyggelege overgrepa.

The Act of Killing, co-produsert av Torstein Grude og Bjarte Mørner Tveit i norske Piraya Film, er unisont hylla av internasjonale kritikarar som ein av dei aller viktigaste filmar på lenge etter at han første gong vart vist på filmfestivalen i Toronto i september 2012. Dokumentaristveteranen Werner Herzog, som også er med på laget av co-produsentar, har uttalt at dette er den «mest skremmande og surrealistiske» dokumentar han har sett det siste tiåret. Regissør Oppenheimer starta prosjektet for nesten ti år siden, etter at han først hadde laga ein film om ofre og etterlatne etter folkemordet. Han byrja å oppsøke nabolaga til kjente drapsmenn, og ble ganske raskt invitert med inn i deira makabre realitet.

-Eg vart overraska over kor lett drapsmenna la ut om sine ugjerningar. Nesten alle var stolte. Dei skrytte openlyst av drap, valdtekt og tortur. Dei var ivrige etter å vise kva for drapsteknikkar dei brukte, t.d. for å søle minst mogleg blod. De snakka om dette i dei mest ekstreme og detaljerte vendingar, og gjerne med mindreårige barnebarn på fanget, fortel Oppenheimer til Aftenposten.no.
Anwar Kongo, ein av dei mest frykta medlemmene av 1960-talet sine dødsskvadronar, er filmen sin sentrale karakter. Han var drapsmann nummer 41 som Oppenheimer møtte under det langvarige opphaldet i Indonesia. I ein tidleg scene i filmen tek Kongo filmskaparen med opp på eit tak der han drap tallause menneske. Han viser fram staden og demonstrerar på kva for måte likvideringane hende. Så gjev han seg til å svinge seg i ein lykkeleg cha-cha-dans. -For meg var dette eit uverkeleg augeblikk, fortel Oppenheimer.

Kongo fortel i filmen at han vart inspirert av amerikanske Hollywood-filmar om gangsterar, og at han ofte lærte drapsmetodar frå filmane. For å døyve inntrykka frå massedrapa drakk han alkohol, røykte marihuana og brukte ecstasy.

Oppenheimer viste seinare scenen på taket om igjen for Kongo heime hjå han sjølv..
-Eg ville vite kva han tenker og mens me ser på bileta, ropar han på barnebarnet og insisterer på at den vesle guten må sjå på desse groteske forklåringane på kva bestefar hadde gjort. Han virka forstyrra, og eg er nesten sikker på at han angrar på å vere med i filmen. I staden for å ha mot til å ta avstand frå det han var med på, seier han berre kort: Eg ville aldri ha brukt kvite bukser. Det var ein ubeskriveleg og forfengeleg reaksjon, fortel regissøren. Dette vert starten på ei smertefull reise for Kongo der han gjer alt i si makt for glorifisera hendingane på 1960-talet som noko vakkert, ifølge regissøren. M.a. anna insisterte Kongo på å lage ein scene framfor eit fossefall, der han møter fleire av sine ofre i himmelen der han vert takka av dei med ei gullmedalje. Slik virkar openbart eit forvirra og forstyrra sinn. Drapsmannen sitt inderlege ønskje er å lage ein heroisk kinofilm som kan vise og dokumentera utryddinga av kommunistane for dagens indonesarar.

-Det var heile tida drapsmenna som initierte scenene me attskapte, fortel Oppenheimer.
M.a. ser ein torturistane attskape mange dunkelt opplyste avhøyrsscener, openbart inspirert av estetikken frå1960-talet sine amerikanske B-filmar, med ofre som dei til sist drep.
I ein annan opprivande og realistisk scene, med svært mange kvinner og barn som statister, vert ein massakre og nedbrenning av ein landsby attskapt.

-Reaksjonane i Indonesia er sterke, men framleis er det slik at ofre og etterlatne vegrar seg for å snakke ope om det som hende. Dei risikerar forfølging og represaliar, om dei prøver å plassera ansvar. For Kongo har dette vore ei reise som har endra han, meiner Oppenheimer. Han har omsider erkjent sine synder.

Indonesarar som ser filmen synes synd på han og ser han som eit menneske som har teke forferdelege avgjersler, fortel han. For dei fleste er det utruleg vanskeleg å godta at slike forbrytarar mot menneskeheita ikkje skal verte dømde.

Svært mange av dei lokale filmarbeidarane som deltok i prosjektet kjem fram som «anonym» på rulleteksten, av omsyn til sin eigen sikkerheit. Filmen dokumenterar også grov dobbeltmoral og korrupsjon i toppskiktet av indonesisk politikk og samfunnsliv, noko som absolutt ikkje berre er noko frå fortida. Ein toppleiar i ei paramilitær gruppe skryter openlyst av korleis han likte å valdta 14 år gamle jenter.

Nokon av dei som vert eksponert i filmen er sterkt misfornøgde med korleis dei vert portrettert og truslar har førekome. For tida er det heilt umogleg for Oppenheimer å reise attende til Indonesia.
I november i fjor vart ei indonesisk avis storma av 500 medlemmer av den frykta paramilitære ungdomsgruppa Pancasila Youth. Redaktøren vart banka opp. Reaksjonen kom etter ein artikkel der avisa hadde kopla organisasjonen til filmen. Slik er altså situasjonen i Indonesia nærare 50 år etter folkemordet på kommunistane. I eit land som enno ikkje vil ta eit oppgjer med si blodige fortid og der ein del heller ikkje ser seg tent med eit slikt oppgjer, heilt opp i toppskiktet av makta. Er det nokon som synes denne type historie verkar mistenkeleg kjend?


Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Folkemordet i Indonesia 1965-66

  1. Arnulf Øverland sitt dikt «Du må ikke sove» gjelder også for Indonesia. Det grusomme massedrapet og diktaturet må ikke glemmes. Hvorfor ble det aldri noe oppgjør, med Sannhetskommisjon slik som etter folkemordet i Rwanda?
    På meg virker det som revolusjonen på 90-tallet bare fjernet enkeltpersoner, ikke engang alle sannsynligvis – uten å endre maktbasen. Skal jeg lese kritikken din slik? Suharto ble styrtet, men hva så… Men likevel; det var jo også et folkeopprør med «total reformasi» som ett av slagordene.
    Trenger Indonesia en ny revolusjon – ble den aldri fullført?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s