Venezuela og den bolivarianske revolusjon sin leiar er død, men prosessane held fram

Vesten sin maktelite og deira vener main stream media har vel gode dagar no når mannen dei gjennom heile perioden han og partiet PSUV har hatt makta i Venezuela, som dei har diskreditert, er død. Prosjektet som venazuelanarane kallar Sosialisme for det 21. århundre og er glad i, har vorte sabla nord og ned. Ikkje berre det! I media her heime har me lesa om bajasen og diktatoren Hugo Chávez Frias i årevis, som kastar rundt seg med oljepengar i god populistisk stil. Blant vennene hans var Kviterussland og Iran, og han gjorde alt for å terge USA. Heller ikkje no når Chávez etter sin fjerde kreftoperasjon i Habana på knappe to år, måtte til slutt gje tapt for kreften, stilnar personkarakteristikkane om han. Slikt skulle denne maktpressa halde seg for god til å gjera. Men det er sjølve den misvisande og ofte feile informasjonen om kva Venezuela verkeleg er og kva som hender der, ein må prøve å kome til livs, ikkje minst no i ettertid. Om ein tek føre seg ei avis som Bergens Tidende (BT) så har dei hatt mange og overdrevne, for ikkje å snakke om feilaktige opplysningar om Venezuela opp gjennom åra. I januar dette året har dei t.d. hatt oppslag som «Økonomien er en tikkende bombe» og «Anklages for kupp» (10. januar). Slike overskrifter tek utgangspunkt i opposisjonen sitt syn og deira forsøk på å krisemaksimering. For å ta den siste overskrifta så ligg det i den, påstanden som opposisjonen kom med at det var rekne for kupp når visepresident Nicolás Maduro kunngjorde at presidenten skulle seie eiden for sin nye periode når Chávez var frisk nok til å gjere det. Saka er at høgsterett sa dom på dette. At innsettinga kunne utsetjast på ubestemt tid til presidenten si helse er bra nok, eventuelt kunne ein eid seiast i påsyn av høgsterettsdommarane om dei reiste til Cuba der Chávez er. Dette godtok opposisjonen til ein viss grad. Dei ville i tillegg hatt ein høgsterettsdom om nedsetjing av eit utval som skulle vurdera presidenten si helse i høve til hans konstitusjonelle plikter. Noko dei ikkje fekk medhald i. Aller helst vil opposisjonen ha nyval innan 30 dagar uansett. Det fekk dei heller ikkje medhald i. Framgangsmåten og avgjersla har nabolanda og til og med USA godkjent!?! Alt dette har visst ikkje BT godkjent. No er alt dette historie og nytt val på president vert om omlag 3 månader.

Utgangspunkt er at slike personkarakteristikkar som nemnt øvst rett og slett er vondsinna, og eg fekk røyna at eit slikt syn først og fremst representerar opposisjonen, og som mange i Vesten held med, då eg var i Caracas i to veker rundt presidentvalet 7. oktober sist haust. Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinjene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin “Sosialisme for det 21.århundre”. No er leiaren deira borte og mange har frykta dette, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkafta til, er så djupt grunnfeste no at dei kan ikkje reverserast med nokre pennestrøk. Dette til opposisjonen og deira alierte i Vesten si store fortviling. Slik er det berre: Uh ah Chávez no se va!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Venezuela og den bolivarianske revolusjon sin leiar er død, men prosessane held fram

  1. Søndag 14/4 er valget – lykke til Maduro! Han opplever samme skittkasting som Chavez, men leder med rundt 10%på meningsmålingene. Den bolivarianske revolusjonen lever og vokser forhåpentligvis videre på mandag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s