PST og den kapitalistiske norske stat nektar seg ingenting

19. februar avslørte NRK Brennpunkt at Christian Høibø i ti år har arbeida som infiltratør for Politiet si sikkerheitsteneste (PST) for å overvåke organisasjonar på den radikale venstresida i norsk politikk. Er eg overraska? Absolutt ikkje! Organisasjonane dette gjeld, Blitz og Internasjonale Sosialistar (kanskje fleire), har engasjerte folk som vil endre verda til ein stad der mennesket er i sentrum og ikkje kapitalen. Det er ikkje rart dei vert sett på som eit trugsmål for den kapitalistiske stat og det er ikkje rart denne stat si etterretning føljer nøye med. Dette er gamalt nytt, men det er like vanvitig maktbruk og like umoralsk for det. Typisk er det også at folk som tilforlateleg passar inn i miljøa vert rekruttert av PST. Dette er misbruk av personar og set sikkerheitstenesta i eit makabert ljos. Då tenkjer eg m.a. på den rette kritikken PST fekk etter terrorangrepet 22. juli 2011. Dei har i mange år for det meste konsentrert seg om venstresida og ikkje på dei høgreekstreme. Denne elendige bruk av skjøn og ressursar, fekk me som land eit forferdeleg svar på når bombene smalt og ungdomane vart skotne. Dette er ekstremt og ikkje det at venstreradikale folk har lyst og mot til å stå opp mot det kapitalistiske systemet. Eit system som i sin yttarste konsekvens er ekstremt at det trugar ei berekraftig verd og menneska som bur i ho.

Ketil Lund leia på midten av 1990-tallet kommisjonen som avdekka at dei hemmelege tenestene hadde utført ulovleg overvaking av venstresida i Noreg. Når Lund seier han er overraska over det som kjem frem i Brennpunkt-dokumentaren, er eg redd han er litt naiv. Kommisjonen sin rapport fortalde om systematisk registrering av organisasjonar og folk på eit detaljert nivå. Mange av oss sa den gongen at overvakinga mest truleg ikkje var slutt med Lund-kommisjonen sin rapport. No kjem provet på det!

Tre ekstreme dømer: Kjetil Stormark som er journalist og skrivar, meinar det er all grunn til å følgje med på anarkistmiljøa i Europa. Stormark meiner det er helt legitimt at PST følgjer med på miljø som Blitz og Internasjonale Sosialister. Han vert på ingen måte opprørt over at PST skaffa seg ein informant, Kan tenkje meg det at han ikkje er opprørt, han som har følgt dei hemmelege tenestene tett i mange år (kva no «tett» måtte tyde i dette høvet). Snakk om å snakke for makta og det beståande!

Leiar i Justiskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp), er verken overraska eller negativ til at PST infiltrerar politiske organisasjonar for å skape sikkerheit. Nei, det er han sikkert ikkje! Han som i januar uttalte i Dagsavisen å ta til orde for å kutta støtte til friviljuge organisasjonar som ikkje opptrer «nøytralt». Bakgrunnen var ei omtale i Dagsavisen, der Morten Ørsal Johansen, innvandringspolitisk talsmann frå Frp truga med å kutta støtta til Antirasistisk senter viss partiet får regjeringsmakt. Det handla om ein fotnote om høgreekstreme anklagar på Anders Langes parti (forløparen til Frp) for å ha motteke valkampstøtte frå apartheid-regimet i Sør-Afrika. Dette treng vel ikkje nærare forklåring?

Justisminister Grete Faremo seier at det så langt ikkje er grunn til å tru at PST har gjort noko ulovleg. Ho avviser også at PST har politisk slagside. Sjølvsagt gjer ho det! Ho har før stått ved etterretninga i «i tjukt og tynt» (helst tjukt) og ho har sjølv politisk slagside i sitt eige parti si historie. Der ho sjølv er så langt ute på høgresida i Arbeidarpartiet som det går an i høve Martin Tranmæl sine dagar. PST si oppgåve er å avsløre og hindre valdeleg ekstremisme, uansett kvar han finn seg på den politiske skalaen, seier ho. Det som er vald på venstresida for ho og makta er demonstrasjonar og protestar mot kapitalismen. For aktivistar som vil endre systemet er det kapitalismen som er den valdelege!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s