Krig og imperialisme i Mali – Vesten nok ein gong på resurstokt

Historisk bakgrunn

Nord-Afrika har alltid vore interessant for andre herskarar og folkeslag å legge under seg for å utnytte resursar og land. Romarriket på sitt største hadde heile Nord-Afrika under kontroll. Det arabiske rike ekspanderte gjennom regionen mellom 600-talet og 900-talet. Begge desse rika lot i stor grad lokalfolka og deira kultur i fred, berre dei held seg til visse sentrale forordningar og lover. Det var først seinare at «helvetet» for alvor braut laus med utnytting og plyndring. Slavehandel vart etter kvart utbreitt. Då europearane «oppdaga» Amerika forsynte riktig nok arabiske herskarar dei spanske og portugisiske erobrarane med slavar, sjølv om dei for det meste tok slavar til bruk i sine arabiske land og mest frå Aust-Afrika. Slavehandelen i Vest-Afrika var dominert av europearane. Slaveri vert framleis praktisert i ørkenregionen i Vest-Afrika, mest i Tsjad, Niger, Mali og Mauritania.

Mali var på eit tidspunkt eit av dei tre kjende vest-afrikanske rika som kontrollerte den transsahariske handelen av gull, salt, slavar og andre verdifulle varer. Desse saheliske rika hadde verken rigide geopolitiske grenser eller rigide etniske identitetar. Det tidligaste av desse rika var Ghanariket. Riket utvida seg gjennom Vest-Afrika frå det 8. århundre til 1078, da det vart erobra av eit berbisk dynasti. Maliriket vart danna i den øvre delen av Niger-elva, og riket nådde si høgd i det 14. århundre. Under Maliriket sitt styre vart byane Djenné og Timbuktu sentre for både handel, kunst og islamsk tenking.

Koloniseringa av Nord- og Vest-Afrika byrja for alvor på 1800-talet då Frankrike og Storbritannia tok mange land. Britisk Vest-Afrika er namnet på dei koloniane som m.a. var Ghana, Nigeria, Sierra Leone og Kamerun. Fransk Vest-Afrika var ein føderasjon av åtte franske territoriar i Afrika, m.a. Mauritania, Senegal, Fransk Sudan (no Mali), Fransk Guinea (no Guinea) og Niger. Dei europeiske kapitalistiske landa trengte då som no massevis av resursar til sin produksjon. I nyleg industrialiserte England på tidleg 1800-tal og framover var bomull til tekstilindustrien og metall i jarnindustrien særs viktig. Frankrike trong det same og dermed var kampen om Afrika sine naturresursar for alvor i gong. Berlin-konferansen i 1884–85 fastsette europeisk kolonisering og handel i Afrika. Omgrepet «innflytingssfære» vart første gong brukt i Berlin-avtalen og det som var att av afrikansk sjølvstende tok slutt, bortsett frå Etiopia og Liberia. Sjølvstende frå kolonimaktene byrjar for alvor i siste halvdel av 1950-talet. Men å kolonialisera eit kontinent kan gjerast likegodt med økonomiske midlar. Heilt fram til i dag har kontinentet måtte tåle strukturtilpassingar og harde krav for låneopptak med gjeldstynga land opp mot det groteske som resultat. Militære intervensjonar frå vestmaktene har det også vore mange av. Mange brutale diktatorar har hatt vestleg støtte også fram til i dag.

Nye inngrep i Afrika og sjølvstendekamp

Heile 2011 dreia seg mykje om den såkalla «arabiske våren» (kva no den måtte tyde no?) og bombinga av Libya. Under påskot av flyforbodssone og «humanitær intervensjon» bomba NATO (MED Noreg som flinkaste bombar i klassen) deler av landet sønder og saman og lot Gadhaffi verte likvidert av opprørarane. Etter det har det vorte meir kaos i landet enn vestmaktene likar, med drapet på USA sin ambassadør i Benghazi som førebels toppunkt. Etter at den libyske hæren gjekk i oppløysing, flykta mange tusen nord-maliske soldatar som hadde tenestegjort under Gadhaffi attende til Mali, i lag med mange arbeidarar også. Mange ikkje-libyarar vart jaga ut av landet. Massevis av våpen følgde med gjeraslause menn attende til Nord-Mali. 22. mars 2012 sikra ei gruppe opprørssoldatar kontroll over presidentpalasset i Mali sin hovudstad Bamako, og erklærte regjeringa og grunnlova som oppløyst. Den 6. april erklærte Mouvement national pour la libération de l’Azawad (MNLA) opprettinga av ein ny stat i det nordlege Mali, Azawad. Tilfeldig? Neppe! Tuaregane, eit nomadefolk i Sahelområdet som også er kjent som det «blå folket», er kjent for sin utstrakte bruk av indigo – ein djupblå farge som pregar deira drakter. Dei er dessutan kjent for sine kamelkaravanar til dei fjerne saltkonsentrasjonane i Sahara. Tuaregane har lenge kjempa for sjølvstende. Dei ekstreme tørkekatastrofane i Niger i 1973/74 og 1984/85, tynga tuaregane spesielt. Mange utvandra difor til Algeria, Libya og sørlege land. På slutten av 1980-talet sa Mali og Niger sine regjeringar at dei skulle sette i gong eit omfattande hjelpeprogram for å hjelpe tuaregane, finansiert med pengar frå FN. Mange tuaregar vendte attende til sine heimland grunna dette tiltaket. Men tiltaket kom aldri i gong. I fortviling og vonbrot angreip i mai 1990 tuaregane ein fylkes administrasjonsbygning i Tschin-Tabaradene. Tuaregane kjempar for autonomi og rettigheiter i dei nordlege områda i Mali og Niger, der det finnes store mengder uran (noko Frankrike er svært interessert i til si kjernekraft og sine atomvåpen). Regjeringa godkjente ikkje deira ønskje om autonom status og i tillegg prøvde dei å få tuaregane til å busette seg fast. Samtidig prøvde tuaregane å få kontroll over uranførekomsten for å betre sin økonomiske situasjon (Niger er i dag verdas nest største uranprodusent, etter Canada, mens Australia har dei største reservane, omlag 70 prosent). Mange tuaregar arbeidde også i den libyske hæren før bombinga og reiste heim att med mykje våpen, klar til sjølvstendekamp. Men andre kom også klare til kamp. Dei vestlege intervensjonane har gjeve næring til Afrika sine Al-Qa’ida grupper. Dei byrja i fjor å ta over tuaregopprøret og fekk etter kvart kontrollen i heile Nord-Mali.

Kampen om Afrika

Det er denne overtakinga i nord og framrykking mot hovudstaden Bamako i sør som har fengje vestmaktene, spesielt Frankrike, til å ringe med intervensjonsklokkene. Dei har det påskotet dei treng for inngrep. Destabiliseringa av heile regionen som følgje av Libya-krigen ser ikkje ut til å skremme vesten, snarare tvert om. Når vesten sine interesser vert trua, no i større grad enn før då Kina har tydelege økonomisk innflyting i verdsdelen, ja då mobiliserast det for fullt. USA forsterkar, som Frankrike, sitt militære nærvær. Rett før årsskiftet vedtok Obama-administrasjonen å sende 3500 soldatar til 35 av Afrika sine 54 land. Ein kan berre tenkje seg kva pengelovnader eventuelle truslar om det motsette som ligg bak mange av desse landa sin akseptering av slik utplassering. Dei skal delta i den same krigen som vert brukt for å legitimera Frankrike, Storbritannia og USA sin intervensjon i Mali. Den såkalla krigen mot terror. Dette opnar opp for nye inngrep, nye millionar sivile på flykt, nye tusenvis drepne. Men som før i historia tel ikkje dette noko særleg i høve dei imperialistiske interessene som står på spel. Imperialistmaktene er frekke nok til å gjere den same propagandaen om føreståande massedrap Ghadaffi ville gjere i Benghazi som intervensjonsgrunn i Libya. I Mali ligg ein påstått massiv amputering av hender og føter som islamistane vil utføre som straff for alt mogeleg som grunn for intervensjon. Ikkje mange ønskjer eit Al-Qa’ida styrt Mali. Heller ikkje tuaregane som krev ein eigen stat i Nord-Mali. FN-resolusjon 2085 opnar opp for innblanding gjennom den vestafrikanske fellesstyrken til medlemslanda i ECOWAS (The Economic Community of West African States). Men Frankrike og andre vestlege statar misbrukar denne til eigen militær intervensjon. Det me ser, er ein påskunda aksjon grunna aukande global resursmangel og ein framveksande industriell utvikling i Afrika, med Kina i spissen. Frankrike tenkjer på sine eigne interesser og har aldri heilt gove slepp på sine gamle koloniar i Afrika. Vel 50 år etter at Mali vart fri fransk kolonistyre, har dei bombefly og over 2500 soldatar i landet att. Frankrike har og rykka inn i den sentralafrikanske republikk for å sikre sine folk der. Dei var og pådrivaren i Libya-krigen, ein direkte utløysar til borgarkrigen i Mali. Kringliggande tidlegare koloniar til det franske koloniriket, som Senegal, Burkina Faso og Elfenbeinskysten, har rike mineralførekomstar. Nyleg vart det funne olje i ørkenen i Nord-Mali. Då kan ein berre legge saman to og to eller andre tal, så får ein svaret.

Intervensjon i imperialismen sitt teikn

For 8 år sidan vedtok omlag alle verdas statsleiarar prinsippet “Responsibility to protect” (R2P). Ei forplikting til å aksjonera mot statar som utfører massive forbrytingar mot menneskeheita innanfor eigne landegrenser. Kva for tilhøve som avgjer når det er trong for intervensjonar eller ikkje, kan oppfattast som vilkårleg, for å seie det mildt. Ein flyforbodsone i Libya vart vedteke, men ikkje i Syria? Eit svar på det er at om Libya berre dyrka grønsaker så hadde ikkje ein vestleg imperialistisk kjeft brydd seg. Syria har sikkert grønsaker, men ikkje nemneverdig med olje, difor.

Etter krigen i Afghanistan og dei katastrofale resultat det fører med seg, må ideen om eit imperialistisk verdspoliti skrinleggast for alltid. Snart 12 år i Afghanistan, ein av dei lengste krigar i nyare tid! Kva så med krigen i Libya? Der brukte vestmaktene R2P for alt den var verdt. Eit misbruk utan sidestykke og i etterkant av denne intervensjonen ser ein resultata. Ein destabilisert Vest-Afrika region og utsikter til fred langt i det blå. Er R2P verdssamfunnet si akseptering av eit moralsk ansvar for å verne menneske, slik nokon hevdar? Lite truleg, med den maktmisbruken vestmaktene viste i Libya som grelt døme. Dette med humanitære intervensjonar og all retorikken rundt det, må avslørast som vesten si forkledning for å utøve militær makt for sine interesser utover eigne landegrenser.

Siste episode førebels i ringverknadane frå Libya-krigen er Algerie. Området In Amenas der Statoil opererar saman med BP og det algeriske statsoljeselskapet Sonatrach, vart angrepe av islamistar 16. januar i år, der 5 norske oljearbeidarar vart drepne då algeriske militære prøvde å frigjera dei mange gislane som var tekne frå fleire land. Angrepet og gisseltakinga i In Amenas kan setjast i samband med den militære intervensjonen m.a. Frankrike held på med i nabolandet Mali, men mest av alt har det med Libya å gjere. Sjølv om han som truleg hadde ansvaret for aksjonen, Mochtar Belmochtar, knyter angrepet til det som hender i Mali, så er Libya mykje nærare både i avstand og for trening til aksjonen. I følgje m.a. fransk og tunisisk media skal denne aksjonen vore planlagt i fleire månader inne i Libya og det er folk frå ei militsgruppe, Zintan, frå krigen i Libya som kan ha selt våpen til og bidrege med logistikk til gisseltakarane. Noko den libyske islamistgruppa nektar for.

Den logrande NATO-guten Noreg vurderar også å delta saman med dei franske styrkane i Mali. Symtomatisk nok! Dette vil håpnadsfullt det norske folk ikkje vera med på. Den raud-grøne regjeringa har vore veldig ivrig i intervensjonar før. Hjå medlemmane i både SV og SP er krigstrøttleiken stor. Men kva hjelper det om leiinga endå ein gong seier ja til deltaking i krig. For fjerde gong på ti år vurderar altså Noreg å sende soldatar i imperialismen si teneste. Vesten og NATO kan skulde seg sjølv for mange av vanskane i Mali. Innblandinga i Libya medførte samarbeid med jihadistar og dei fekk tilgang på våpenlagre. Desse våpna brukar dei no i Mali, der tuaregopprøret er kuppa, og mange jihadistar har kjempa mot eit like råte regime som stod bak eit kupp i fjor. Hovudpoenget i denne franskleia intervensjonen er resursar og atter resursar. Skal vesle Noreg nok ein gong vera ein flink elev i NATO-klassen i resursjakta i eit anna land? Bloggen min seier NEI så det skrell i fjella!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s