Oljedråpar “inn i helvete” – Oljebaron Olje-Ola på tokt i nord og i sør

Oljepengane frå dei mange oljedråpar som på død og liv skal fortast opp av havbotnen og med størst mogleg forteneste, fer rundt i det store aksje- og spekulasjonsuniverset. Javel, seier kanskje du, kva så? Men eit veldig sakleg og naudsynt spørsmål melder seg: KVA GJER DEN NORSKE STAT MED DEI?

Noreg har omlag 3000 milliardar kroner i det som kallast Statens Pensjonsfond – Utland. Store deler av denne enorme summen er plassert i multinasjonale selskap med eit resultat for auga – størst mogleg økonomisk forteneste. Med andre ord er me vorte 4,7 millionar norske spekulantar. Vil me alle ha dette opplegget framover? Spesielt når ein veit kor risikabelt det er. Tal frå ulike kvartal dei siste åra viser eit tap her og eit tap der, for så å kome seg oppatt eit anna kvartal. Opp og ned som heisen, sa oljeanalytikaren mens han gjekk i spinn. Eit av tapskvartala var på 73 milliardar kroner. Mykje av dette tapet skuldast den urolege bustadmarknaden i USA der milliardar vart lånt ut til kjempeinstitusjonane Fanny May og Freddy Mac i 2008. Namnet skjemmer ingen seiest det, men eg veit ikkje heilt…

Jan Mønnesland frå Norsk institutt for by- og regionforskning har sagt at det er ingen hensikt å pumpe opp olje for å setje pengane i eit oljefond som aldri skal brukast. Han seier vidare at det er høgst usikkert om finansmarknadane gjev betre avkastning enn å halde meir av oljeresursane på havbotnen. Det er heller ikkje alle som lenger trur at oljefondet verkeleg skal brukast til det som er tenkt – nemleg framtidige pansjonar. Den som lever får sjå. Lars Haltbrekken frå Naturvernforbundet meiner på si side at Noreg bør bruke oljefondet til å tvinge USA til å undertegne internasjonale miljøavtaler. Det er også ein måte å bruke fondet på.

Mange aktivistar og organisasjonar, inkludert Attac og partiet Raudt krev politisk styring gjennom alternative investeringsfond for miljø og global utvikling. Kva vil dette bety og korleis får me det til? Det er politisk vilje som skal til og press må til for at det skal lukkast! Forvalningsmessig sett er det uproblematisk. Ein etablerar t.d. to typer delfond av noko av oljefondet til forskning og utvikling avenergialternativer og eit til investeringar og utvikling i land i sør. Me har tross alt eit globalt ansvar for å hjelpe andre ut av fattigdom. Me har tent enorme beløp på høgkonjungturar t.d. grunna konfliktar og utvunne mykje olje til klimautslepp.

Byråkratar som tidlegare statssekretær Roger Schjerva i Finansdepartementet gjorde det, prøver å forsvare seg med at det er forvaltning og ikkje spekulasjon ein brukar oljefondet til. Dei kan seie det til det kokar for vår del, det er berre ikkje slik!

Ein annan ting ein også kan lure på, er kva tid prinsippa om mindre kapitalisme og meir styring til eit parti som SV som ei gong i tida har sagt dei har vore sosialistar, og som før styrte Finasdepartementet og dermed oljefondet, kjem fram? Me berre undrar!

Når ein annan aktør frå Senterpartiet, det andre mindre partiet i Arbeidarparti-regjeringa, «Oljeminister» Ola Borten Moe, nyleg kom fram på «fritida si» og sa at hans personlege meining var å allereie frå hausten dette året, opne opp for boring etter olje i Nordland VI, VII og Troms II, i det særs utsette og skjøre området Lofoten og Vesterålen. Då er galskapen og lukta etter olje nådd nokre fleire høgder. Oljebaron Borten Moe fornektar seg ikkje og vil ha opp olja helst fortare enn teknologien tillet. Han veit godt at han har alle oljekapitalistane med seg. Dei siklar like mykje etter olje og gass som oljeministeren. Oljeutvinninga i Barentshavet, der også Statoil er med for fullt, er nok eit døme på at miljøet ikkje står øverst på konsekvensblokka.

Det halvprivatiserte statlege oljeselskapet Statoil har lenge vore ein omstridt internasjonal aktør, med deltaking i prosjekt alt frå diktaturet i Aserbajan, tjæresand i Canada, skifergass i USA og gassutvinning i Algerie. Området In Amenas der Statoil opererar saman med BP og det algerske statsoljeselskapet Sonatrach, vart angrepe av islamistar 16. januar i år, med eit tragisk utfall. 5 norske oljearbeidarar vart drepne då algerske militære prøvde å frigjera dei mange gislane som var tekne. Fleire land, m.a. Algerie, Japan og Storbritannia mista også folk under operasjonen. Angrepet og gisseltakinga i In Amenas kan setjast i samband med den militære intervensjonen m.a. Frankrike held på med i nabolandet Mali, for å drive islamistiske opprørarar attende i Nord-Mali. Det ligg også eit klart sosialt og økonomisk aspekt i dette, med stor urettferd i fordeling av olje- og gassinntektene dei multinasjonale imperialistiske oljeselskapa håvar inn til seg og den algerske stat. Dette som har hendt i Algerie er endå eit kapittel i den globale olje- og gassjakta store profittørar tenar gigantsummar på. Ein kan diverre seie at i denne siste episoden, er gass og blod blanda tragisk saman.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

3 svar til Oljedråpar “inn i helvete” – Oljebaron Olje-Ola på tokt i nord og i sør

  1. thorleifb seier:

    Ja, slik er finanskapitalens glade dager. Oljefondet burde vært nedlagt – det går ikke an å ha såkalt etisk styring av dette rotteracet. Pengene burde heller vært brukt til investeringer i infrastruktur, som jernbane, offentlig velferd, gjeldsslette o.l
    For Statoil sin del, burde selskapet vært nasjonalisert, tatt av børsen og blitt omdannet til et fornybarselskap. Jeg tror ikke mye av dette lar seg gjøre før vi har sosialisme, så vi får jobbe for at bevisstgjøring og en voksende protestbevegelsen i Europa mot krisen også skaper endringspotensiale i Norge.
    La oljen ligge!

  2. Anna Kathrine seier:

    Enig med thorleifb ovenfor her. Vil også takke for et godt og informativt blogginnlegg!

  3. ivarjordre seier:

    Venezuela er eit døme på korleis oljeinntektene kan brukast til det beste for folket. Oljeselskapet PDVSA er heilstatleg og IKKJE børsnotert. Av inntektene går mykje til store nasjonale program til helse, utdanning, bustad og infrastruktur. Eit godt døme er Gran Mission Vivienda som er eit gigantisk byggeprogram som kan gje 3 millionar fattige bustader innan 2019. Les meir om Venezuela på bloggen under Latin-Amerika og på framsida, “Venezuela er ikkje i noko som helst leis krise”.
    I tillegg utviklar Venezuela ein alternativ energisektor for berekraftige energikjelder, nettopp med bruk av m.a. oljeinntekter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s