Venezuela er ikkje i noko som helst leis krise

Vesten sin maktelite og deira vener main stream media har gjennom heile perioden Hugo Chávez og partiet PSUV har hatt makta i Venezuela, diskreditert prosjektet som venazuelanarane kallar Sosialisme for det 21. århundre. Ikkje berre det! I media her heime kan me lesa om bajasen og diktatoren Hugo Chávez Frias, som kastar rundt seg med oljepengar i god populistisk stil. Blant vennene hans er Kviterussland og Iran, og han gjer alt for å terge USA. Heller ikkje no når Chávez har hatt sin fjerde kreftoperasjon i Habana på knappe to år og hans helsesituasjon er vanskeleg, stilnar personkarakteristikkane om han. Slikt skulle pressa i alle fall halde seg for god til å gjera. Men det er sjølve den misvisande og ofte feile informasjonen om kva Venezuela verkeleg er og kva som hender der, eg vil prøve å kome til livs. Om ein tek føre seg ei avis som Bergens Tidende (BT) så har dei hatt mange og overdrevne, for ikkje å snakke om feilaktige opplysningar om Venezuela opp gjennom åra. I januar dette året har dei t.d. hatt oppslag som «Økonomien er en tikkende bombe» og «Anklages for kupp» (10. januar). Slike overskrifter tek utgangspunkt i opposisjonen sitt syn og deira forsøk på å krisemaksimering. For å ta den siste overskrifta så ligg det i den, påstanden som opposisjonen kom med at det var rekne for kupp når visepresident Nicolás Maduro kunngjorde at presidenten skulle seie eiden for sin nye periode når Chávez var frisk nok til å gjere det. Saka er at høgsterett sa dom på dette. At innsettinga kunne utsetjast på ubestemt tid til presidenten si helse er bra nok, eventuelt kunne ein eid seiast i påsyn av høgsterettsdommarane om dei reiste til Cuba der Chávez er. Dette godtok opposisjonen til ein viss grad. Dei ville i tillegg hatt ein høgsterettsdom om nedsetjing av eit utval som skulle vurdera presidenten si helse i høve til hans konstitusjonelle plikter. Noko dei ikkje fekk medhald i. Aller helst vil opposisjonen ha nyval innan 30 dagar uansett. Det fekk dei heller ikkje medhald i. Framgangsmåten og avgjersla har nabolanda og til og med USA godkjent!?! Alt dette har  visst ikkje  BT godkjent.

Mitt utgangspunkt er at slike personkarakteristikkar som nemnt øvst rett og slett er vondsinna, og eg fekk røyna at eit slikt syn først og fremst representerar opposisjonen, då eg var i Caracas i to veker rundt presidentvalet 7. oktober sist haust. Venezuela er polarisert politisk og mange har sterke meiningar om Chávez, som har sete med makta sidan 1999. Skiljelinjene går gjerne langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for ein stor del slutta opp om Chávez sin «Sosialisme for det 21.århundre».

Resultata av ein inkluderande grunnlov frå 1999, nasjonalisering av ikkje minst dei store oljeressursane og storstilte prosjekt innan blant anna helse, utdanning og bustadbygging, kalla Missiones, har redusert fattigdommen drastisk. I følje FN er Venezuela nær ved å oppnå Tusenårsmåla. Berre 3.5 % av folket er no ekstremt fattige. Dette er meir enn ein halvering. Fattige sin del av landet sitt forbruk er 4.9 % (3.3 % i det nyindustrialiserte Brasil), og arbeidsløysa (i følje INE, Venezuela sitt statistiske sentralbyrå, 6.4 %) i Venezuela er jamt over lågare enn i Brasil. Den økonomiske veksten i Venezuela (i følje Venezuela sin Sentralbank) var 5.5 % i 2012; det er vesentleg betre enn i det kriseramma Europa! Under overskrifta «Økonomien er en tikkende bombe» fortel BT ingenting om tala nemnt over. Dei skriv om budsjettunderskot og utanlandsgjeld, og at alle oljepengane «og mer til» er brukt på subsidiar og offentlege arbeidsplassar, spesielt for dei fattige. Men er det ikkje nettopp det som også skal vera meininga med fordeling i økonomien, BT? Subsidiane det er snakk om er rimelege prisar på matvarer og bustader, og gratis utdanning frå grunnskule til universitet, slik at fleire kan ta del i desse godane og i tillegg ha arbeid. Slik vert dei med i ein felles nasjonal produksjon og yter attende til samfunnet. Subsidiar er eit negativt ord hjå oss, fordi me lever i ein kapitalistisk retorikk der marknaden skal styre prisane. Saka er at også i Noreg brukar me subsidiar, men dei milliardane (for det er milliardar) brukar den norske stat for det meste på oljenæringa og fiskeeksporten. BT skriv og om inflasjonen som «en enda høyere inflasjon enn de nåværende minst 23 prosentene i året». Rett nok har dette vore eit langvarig problem i Venezuela og andre latin-amerikanske land, men dette har i fleire år gått nedover og er i Venezuela no på 19 %. Her kan BT verte minna på at inflasjonen var i 1998, året før Chávez vart innsett som president, på 100 % og i 2008 var han på 30 %. BT skrik om seg at budsjettunderskotet nærmar seg 20 % av BNP. Til samanlikning ligg USA (øvst naturlegvis) med eit budsjettunderskot med utlandet på svimlande 300 %, og andre vestlege land som Frankrike, Storbritannia, Portugal, Hellas og til og med Tyskland (som vert rekna for å vera blant dei mest stabile kapitalistiske økonomiane, er no oppe i  83.2 %) har eit gjennomsnitt på 90.6 % underskot av BNP. Ei anna tikkande bombe i følje BT, er at utanlandsgjelda har tidobla seg på like mange år. Men det er ikkje noko bombe, så lenge økonomien veks og gjelda ikkje vert særs høg i høve BNP. I 1998 var BNP omlag 90 milliardar dollar mot omlag 320 milliardar dollar i 2012, nærare ei tredobling.

Andre tal fortel at 94 % har tilgang på reint vatn i byområder. 95 % fødslar hender med kvalifiserte pleiarar og 98,4 % av unge er lese- og skrivekyndige (det er fleire barn som fullførar grunnskulen enn i USA).  Tal henta frå www.globalis.no Dette er sjølvsagt ikkje noko å bry seg med i main stream-gjengen.

I tillegg brukast oljeinntekter til investeringar i industri og landbruk for å bli meir sjølvforsynt. På 90-talet var landet veldig avhengig av å importera heilt grunnleggande matvarer og anna, no er sjølvforsyninga langt høgare.

Målet er mest mogleg sjølvstende og til dette nyttast frigjeringshelten Simon Bolivar mykje. Bolivar var fødd i Caracas i 1783 og er eit ruvande nasjonalikon, også for deler av høgresida. Han leia motstanden mot dei spanske kolonistane og har fått æra for ikkje berre Venezuela si sjølvstende, men også likeins for Peru, Colombia, Ecuador, Panama og Bolivia. Sjølv om visjonen hans om eit eina, demokratisk Sør-Amerika fall i grus, har Chávez henta mykje inspirasjon og ideologisk ammunisjon frå Bolivar. Difor har også Venezuela fått den offisielle tittelen Den bolivarianske republikk. I gatebiletet blir ein minna på dette heile tida gjennom plakatar og slagord.

Chávez har i motsetnad til mange andre i Latin-Amerika si historie verkeleggjort det han har gått til val på. Derfor har han også vunne 14 val og folkerøystingar sidan 1998. Og da han vart forsøkt styrta våren 2002, fekk han overveldande støtte frå demonstrantar som kravde at han skulle innsettast att. Etter berre tre dagar var han attende i presidentpalasset.

Presidentvalet 7. oktober var viktig for å halde fram dei såkalla bolivarianske prosessane. Ei valdeltaking 81 % vitnar om det høge politiske engasjementet, som også er forsterka på grunn av dei mange komiteane, grasrotorganisasjonane, mikrolåna og den generelle maktspreiinga. Det er framleis mange utfordringar i Venezuela med tanke på fattigdom, korrupsjon, og kriminalitet, noko andre land også har. Venezuela har valt ein annan veg. Denne inneheld meir velferd, fellesskap, demokratisering og arbeidsskaping. La oss håpe dei lukkast og at Europa endrar seg med folkemakt! Om ein og kan håpe på betre og rettare pressedekning av Venezuela, er meir usikkert.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Venezuela er ikkje i noko som helst leis krise

  1. e seier:

    Mange gode poeng her. Et problem er mangelen på folk som oversetter aktuelt politisk stoff til norsk. Det er rett og slett veldig mange informasjoner som kommer sent, fordreid eller ikke i det hele tatt i media her hjemme. Selv på engelsk er det mye en ikke får tak i. Det er mange grunner til den skjeve dekningen av Venezuela i norsk presse (de store nyhetsbyråene er stort sett amerikanske og nyhetsmedia her gjengir i stor grad det som kommer derfra, i tillegg har mange journalister fordommer og lite kunnskap om Latin-Amerika og Venezuela, og det er også økonomiske og politiske interesser som står på spill). Men det er mye informasjon på utenlandske nettsteder (f.eks. Venezuelanalysis eller for den saks skyld det venezuelanske nyhetsbyrået, selv om det som står der selvsagt er partisk) som kunne ha hatt godt av å bare bli oversatt og sendt til pressen i forkortet form som leserbrev eller liknende, for å skape litt debatt om ikke annet.

  2. ivarjordre seier:

    Det er eit godt poeng å bruke dei alternative nettstadene mykje betre. Noko me og kan verte flinkare til i organisasjonar som Latin-Amerika Gruppa. Frå slike nettstader som Venezuelanalysis.com kan me absolutt bruke meir stoff og sende til avisene. Spørsmålet er berre kor mange gonger me vert avvist før me vert tekne inn i debattspaltene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s