Aaron Swartz, dataekspert, programlagar, bloggar, politisk aktivist og internettaktivist, er død

For politiske aktivistar, endringsinteresserte og dei av oss som vil ha eit internett fritt for overvaking og som vil ha tilgang på akademisk og anna materiale utan å betale store summar for det, er det utruleg trist å få nyhende om ein ung aktivist sin død. Aaron Swartz vart funnen hengt i sin leilegheit i Brooklyn, New York 11. januar. Han var ein særs talentfull programmerar og var med på fleire etableringar av internettsider og internettprogram, som RSS (Rich Site Summary), eit program for ofte oppdatering av ting som bloggtilgangar, nyhendeoverskrifter, audio pg video. Dette programmet er no mykje brukt i nettlesarar verda over. Han var med på å utforme Open Librery (ei gratis side med millionar av boktitlar, også audiobøker for blinde og dyslektikarar), han var med å danne internettgruppa Demand Progress, ei side for aktivisme og mykje kjend for sine kampanjar mot SOPA (Stop Online Piracy Act, ei usansk føderal forordning for å regulera eller stenge sider som tilbyr fri tilgang på såkalla intellektuelt materiale og varemerkebruk). Dei klarte i stor grad å stoppe denne forordninga og hindra truleg eit vidtgåande sensurregime på internett, førebels i alle fall. Swartz samarbeida seinare også med dei internasjonale internettbaserte aktivistgruppene Rootstrikers og Avaaz. Aaron Swartz tok truleg sjølvmord.

I januar 2011 vart Swartz arrestert for systematisk nedlasting av akademiske artiklar frå JSTOR (kort for Journal Storage, eit digitalt bibliotek for akademiske magasin, bøker, artiklar og primærkjelder). Dette førte til føderal etterforsking i USA. Det var to grunnar til at han irriterte seg over JSTOR: At dei tek dyr betaling for tilgongen til artiklar, bøker og magasin utan å kompensera forfattarane og at eit stort tal menneske i verda vert haldne utanfor dette akademiske materialet, av same grunn. Sjølv om JSTOR avstod frå sivilt søksmål til slutt, heldt statsadvokaten i Massachusetts oppe kriminaltiltalen med påstand om databedrageri og ulovleg nedlasting frå verna datamaskin, med dei omlag 4 millionar nedlasta akademiske artiklane. Statsadvokaten forsvara oppretthaldinga av tiltalen med at «steling er steling, anten det er gjort med datamaskin eller brekkjarn, anten ein tek dokument, data eller pengar». Slik held eit rettssystem basert på makta og eliten i samfunnet på med reine heksejakta. Det verkar sannsynleg at påtalemakta ville bruke «the Swartz case» som eit føregripande tilfelle for presedens. I framtidig internettaktivisme skulle ein då lettare ta personar og grupper som utfordra grensene for fri informasjon. Retten fann den gongen ut at ein sivil rettsprosess var meir eigna og styresmaktene anka ikkje dommen til høgsterett for overprøving. Swartz kunne ha risikert 35 år i fengsel og ei bot på 1 million dollar.

Men, saka stoppa ikkje med dette. I det usanske rettssystemet er fleire typar rettsinstansar i bruk. Både føderale, regionale og delstatlege. Dommen som vart avsagt av 9th US Circuit Court of Appeals, dekker «Vesten» og ikkje Massachusetts som er området der JSTOR held til, og vart difor ikkje bindande. Dermed vart tiltalepunkta i staden utvida frå 4 til 13 «felony-punkt» (felony er eit juridisk omgrep, brukt for det meste i anglo-amerikansk rettspleie som definisjon for alvorleg forbryting) av regjeringa og Swartz risikerte på nytt opp mot 35 år og 1 million dollar i bot. Dette rettskøyret orka han tydelegvis ikkje lenger og tok livet sitt fredag 11. januar. Familien sa dette rett etterpå: «Aaron’s death is not simply a personal tragedy, it is the product of a criminal justice system rife with intimidation and prosecutorial overreach. Decisions made by officials in the Massachusetts U.S. Attorney’s office and at MIT (Massachusetts Institute of Technology) contributed to his death.» Eg let dette avslutte denne artikkelen om ein ung man som stod opp mot systemet og kjempa for eit fritt tilgjengeleg internett, og som også var ein internasjonal aktivist. Aaron Swartz bøtte med livet for dette, som mange andre har gjort for sine kampar rundt omkring i verda. Men, «makta» bør ikkje føle seg for trygg, det er mange millionar der ute som vil føre kampen vidare for ei fri verd.

http://www.aaronsw.com/
https://en.wikipedia.org/wiki/Aaron_Swartz
http://news.cnet.com/8301-1023_3-57563752-93/anonymous-hacks-mit-after-aaron-swartzs-suicide/
http://mashable.com/2013/01/13/mit-aaron-swartz/
http://mashable.com/2013/01/13/aaron-swartz/
http://crookedtimber.org/2013/01/14/aaron-swartz/
http://news.yahoo.com/what-we-learned-from-aaron-swartz-s-suicide-004332081.html
http://www.guardian.co.uk/technology/2013/jan/13/aaron-swartz-family-mit-government
http://www.businessweek.com/articles/2013-01-13/why-we-should-remember-aaron-swartz

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s