Einigheitstyrraniet i det norske parlament (Tilværet sin uuthaldelege lettheit)

Alt ser ut til å vera det beste når det gjeld einigheit i den norske utanriks- og sikkerheitspolitikken. Slik verkar det i alle fall då tidlegare utanriksminister Gahr Støre uttalte at denne einigheita hadde ein ikkje hatt før i nyare tid. Og slik verkar det når noverande utanriksminister Barth Eide uttalar seg. Så flott! Då kan me halde fram med nye-Nato strategien og krige slik me har gjort i Afghanistan og slik me bomba Libya. Ikkje treng me diskusjon omkring norsk deltaking i utanlandsoperasjonar i det heile. Tilværet sin uuthaldelege lettheit får til tider alvorlege konsekvensar, seier seniorforskar hjå Nupi, Sverre Lodgaard, i eit intervju i Klassekampen, 5. januar. Åtvaringane mot Nato-intervensjonen i Libya drukna her til lands i eit hav av krigslyst på tvers av partigrensene, seier Lodgaard. Dei 6 norske jagarflya hadde til slutt vore på 583 tokt og slept 569 bomber, alt ifølje Forsvaret. Flotte saker, me er flinkast i Nato-klassen, nok ein gong. I intervjuet står det også om når utanriks- og forsvarskomiteen fekk tilbod frå utanriksministeren om ei orientering om Libya. Komiteen takka nei, dei hadde bestemt seg for å ta helgefri, så det passa ikkje med ei orientering og påfølgande diskusjon. Stortinget var heller ikkje med, så der var det i alle fall ingen debatt. Avgjerda om norsk krigsdeltaking vart i staden til slutt teken på telefon. Lett som berre det!

Me treng heller ikkje diskutera puddelaktiviteten i høve til USA sine planar om rakettskjold i Europa. Oljefondet kan halde på med business as usual, med sine investeringar i røvarselskap i Israel og tømmerselskap som raserar regnskogen. Og me kan krone vår puddelsvinging med å kjøpe amerikanske kampfly. Uncle Barack here we come! Raudt er mot kjøp av nye kampfly i det heile teke, i staden kan ein oppgradera dei som er. Dette meinte grasrota i SV også, men ikkje leiinga som ville ha svenske fly. Den saka tapte dei. Raudt er det einaste partiet som er kompromisslaust mot krigføringa i Afghanistan, noko SV også var ein gong i tida. Men etter at SV la ned seg sjølv som alternativ og med kritikk av utanrikspolitikken, har dei lagt seg på hovudlina i denne politikken. Det byrja med støtte til norsk deltaking i Nato-bombinga av Serbia I 1999 og held fram i Soria Moria-erklæringa og det raud-grøne samarbeidet, og enda førebels i godkjenninga av bombinga av Libya-bombinga i 2011.

Etter slike uttalingar til utanriksministrar og avgjersler teke i lettvinte telefonsamtalar, er det alltid ei rungande stillheit i utanrikspolitikken. Det vil det truleg halde fram med å vera. Ikkje ein kjeft tek opp noko som helst. Ikkje blant politikarar og ikkje blant den fjerde statsmakt, pressa, med nokre unntak. Nato-politikken ser ut til å vera spikra fast til makteliten sin vegg. Den veggen held seg vel oppe ei stund til, men framtida vil syne kva som kan byggjast opp att når han ei gong ramlar ned. Her må den alternative venstresida absolutt ha plankar og spikar klare!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Èitt svar til Einigheitstyrraniet i det norske parlament (Tilværet sin uuthaldelege lettheit)

  1. thorleifb seier:

    Helt riktig kritikk av SV. Tausheten må brytes! På tide at Rødt kommer på Stortinget – du kan også bli med i Rødt sitt aksjonsnettverk mot krig: http://www.facebook.com/events/458983804137596/permalink/466446856724624/#!/groups/245725952177156/?fref=ts eller kontakte Marielle Leraand (marielle@roedt.no).

    Libya-krigen er dessuten den direkte foranledningen til krigen i Mali, men også med forgreininger til gisselaksjonen på Statoil-anlegget i Algerie; det straffer seg å blande seg inn over alt.
    Her er en annen interessant refleksjon:
    http://psteigan.wordpress.com/2013/01/17/gisseldramaet-orkenkrigen-og-vestens-venner/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s