Ei klimaverd i utforbakke

Kyoto-avtalen går ut ved årskiftet og ein ny trer i kraft 1. januar. Den gamle vart forhandla fram i 1997. Avtalen hadde mange feil og manglar, men det har til no vore den einaste internasjonale avtalen om reduksjonar i klimautsleppa ein har hatt. Den nye avtalen, forhandla fram i Doha i desember, er endå svakare. Her er fleire av dei viktigaste landa ikkje med. Det gjeld dei største utsleppslanda som USA, Kanada, Russland og Japan. Når dei ikkje er med, er heller ikkje Kina med. Slik er situasjonen ved byrjinga av 2013. For å prøve å bøte på dette handlar mange rike land med klimakvoter. Eit system som går ut på å kjøpe kvoter i for det meste land i sør, der ein i følge planen betalar bedrifter for at dei skal redusere sine utslepp, og kjøpelandet kan halde fram å sleppe ut sine. Eit kapitalistisk marknadsprinsıpp som mange klimaforskarar og miljøorganisasjonar meinar ikkje fungerar, heller ikkje når det gjeld gode nok resultat i landa i sør.
I samband med ein artikkel i Bergens Tidende i desember om klimakvotehandel, skreiv eg innlegget under. For å seie det slik: Ein kan skrive seg både gul, blå og raud, for å prøve å få denne problematikken opp i det offentlege rom, hjelper det? Ein må tru det! Elles kan ein truleg berre legge ned debattpennen.

Alvorleg dårleg kvotehandel

Ap-statssekretær Kjetil Lund i Finansdepartementet hevdar i ein artikkel i BT, 5. desember at Fremskrittspartiet manglar sidestykke i Europa når det gjeld «useriøs klimapolitikk». Bak dette ligg uttalinga til Frp om at Noreg må slutte å bruke klimakvoter frå land i sør, det såkalla CDM-systemet. Frp sin finanspolitiske talsperson Ketil Solvik-Olsen stiller spørsmål om systemet legg «mer til rette for kjeltringstreker enn gode klimatiltak». Noko som fekk Kjetil Lund til å sjå «raudt». Dette illustrerar til fulle kor useriøst og populistisk Frp opptrer i klimapolitikken, sa statssekretæren. Det skal her seiast at Frp er populistiske og hiv seg rundt etter det som virkar formålsteneleg uten nokon prinsipp i det heile. Men både AP og Frp tek grunnleggjande feil i at kvotesystemet kan løyse problemet. Forsøket på å lage ei fiffig marknadsløysing for å løyse klimakrisa har mislukkast totalt. Marknaden er i seg sjølv problemet.

Nyleg vart ein dokumentar (Oppgjørets time) av Erling Borgen i to deler vist i NRK. Dokumentaren tok føre seg m.a. at for å oppfylle forpliktingane i Kyoto-avtalen kjøper Noreg (les: regjeringa) klimakvotar frå prosjekt i heile verda. Dokumentaren viser dømer på vanvittige kvotekjøp frå bedrifter i land i sør som øydelegg for både miljø og folk i stor skala. Han viser korleis Noreg og norsk næringsliv pyntar på klimarekneskapet ved å kjøpe kvotar frå m.a. Hydro sitt bauxitselskap som høgg ned regnskogen i Brasil, frå damanlegg i Kina som har gjort at mennesker er tvangsflytta, og frå ein kjølefabrikk som forureinar fattige landsbyar i India. Denne dokumentaren hadde vore god grunnundervisning for Kjetil Lund på korleis ting absolutt ikkje skal gjerast. Eg tilrår at denne filmen vert pensum i regjeringa. Marknadsløysinga er eit symtom på at politikarane (dvs. marknadsentusiastane) har kapitulert. Dei har ingenting å komme med i det største miljøspørsmålet i vår tid. Raudt vil avskaffe heile det kapitalistiske klimakvotesalet, men vil ha klare og bindande avtalar om sterk utsleppsreduksjon. Statistisk Sentralbyrå viser at klimagassutsleppa frå Noreg har auka med 4 prosent frå 1990 til 2010. Noreg kan støtte klimafremjande tiltak i land i sør utan å knyte det til retten til å sleppe ut meir CO2 heime. Det er verkeleg dårleg at Noreg og verda elles ikkje reelt kuttar sine utslepp og endrar sin fosilbaserte økonomi til ein fornybar. Slutt med avlatshandelen!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s