Kapitalismen gjer oss framande

Kapitalismen er som system inne i si mest djupe strukturelle krise historisk sett sidan den verdsomspennande depresjonen på 1930-talet, som byrja i USA. Den noverande krisa tok til for fleire tiår sidan og har gradvis utvikla seg med oppblåst finanskapital og ekspanderande gjeld for både real- og finansøkonomien. Krisa har sitt grunnlag i overproduksjon av varer i kapitalismen og ikkje i finansmarknaden. Krisa no kan vise seg å vera langt alvorlegare enn depresjonen var på 30-talet.

Denne globale kapitalismen som meir og meir ser ut til å ga på eit høggir mot stupet, og som ikkje let seg stagge av noko «restaurering», gjer også noko med menneska: Om framangjeringa i kapitalismen. Me som seljarar av vår eigen arbeidskraft til kapitalen vert objektivisert og vert ei «vare». I arbeidssituasjonen vert produktet ein arbeidar produserar skild frå arbeidaren, avdi det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerar produksjonsprosessen. Produktet framstår difor for arbeidaren som noko «framand», og som ho eller han ikkje har kontroll over. Marx snakkar om to former for framangjering: Om framangjering i ånden eller det sosiale, og om materiell framangjering (i produksjonen). Det nye med Marx var at han såg at den åndelege framangjering hadde eit grunnlag i den materielle framangjering.

I dette ligg også ei mellommenneskeleg framangjering som har ulike uttrykk. Døme kan være at andre mennesker vert sett på som snyltarar eller «belastningar på samfunnet», som fiender, eller som «framankulturelle». Denne framangjeringa oppstår både mellom arbeidar- og herskarklasse, men også innanfor klassane. I påstandane, om at innvandrarar (les: folk frå fattige land, såkalla uland) som kjem til Noreg har mykje av skulda for ting som går gale, ligg nettopp dette paradokset: I staden for å sjå kritisk på kapitalismen sine mekanismar, «skyt» ein på sine medmenneske. Nemleg på sine like vanlege søstre og brødre, berre det at dei kjem frå andre himmelstrøk og kulturar. Dei er like opptekne av å få eit verdig liv som me «opphavlege» kvite norske er det. Om nokon prøver seg med kriminalitet, så er dei få, akkurat som dei frå vår «kvite bakgård» er få. Slik syndebukkjakt er nettopp det makta og eliten i eit samfunn vil ha, for då slåst me oss i mellom og ikkje mot (over)makta.

Ei skikkeleg analyse av kva det kapitalistiske system kan gjere med medkjensle, solidaritet og deltaking, er truleg noko av det viktigaste me kan gjere frametter. Dei av oss som håpar på folkeleg deltaking på brei front som vil gjere verda til ein betre stad å vera ved å endre systemet, har mange utfordringar. Det er viktig å prøve å setje søkeljos på utrettferd og feiloppfatningar, som er ein lang veg å ga. Likevel er det å håpe at me kan få fleire med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om dagens kart stemmer med det globale terrenget.

Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s